Ver budd
Dei fleste av oss er heilt avhengig av straum i kvardagen; til oppvarming, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Sjansen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vere førebudd. Med eit reservelager av det du er mest avhengig av - vatn, mat, medisinar og varmekjelder - er du betre rusta for å klare deg sjølv.
Vurder risiko og sårbarheit i heimen din
Tenk igjennom kva som kan skje, kva konsekvensar kunne det ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenge hjelpa di og korleis du kan bidra. Dersom det er utstyr du planlegg å bruke i ein naudsituasjon, ver kjent med korleis det skal brukast og syt for at det fungerer.
Slik kan du dekkje grunnleggjande behov i ei veke
Dei grunnleggjande behova som må dekkjast ved ei krise, er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å kome heilt i mål.
Har du det mest nødvendige på plass slik at du kan klare deg sjølv i ei veke, er du rusta for å kome deg gjennom dei fleste kriser. Om krisa blir langvarig, har du med desse førebuingane kjøpt deg tid og rom til å planleggje vidare. Samtidig bidreg du også til at dei som treng det mest, kan få hjelp først.
Sjekkliste for eigenberedskap:
- Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.
- Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur.
- Grill, kokeapparat eller stormkjøken.
- Varme klede, pledd, dyner og soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved, dersom du har vedomn eller peis.
- Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.
- Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.
- Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
- Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
- Batteri og fullada batteribank.
- Litt kontantar og fleire betalingskort.
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Les meir hos Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet
Du finn mange gode råd om korleis førebu deg på ulike typar hendingar på sikkerhverdag.no