Du kan søke fritak for eigedomsskatt – sjekk om du oppfyller vilkåra!

Har du låg inntekt og eig din eigen bustad? Då kan du ha rett på fritak for eigedomsskatt. Kinn kommune har vedteke retningsliner som gjer det mogleg for enkelte husstandar å søke om fritak.

Kven kan få fritak?

Fritak blir gitt etter ei konkret vurdering av økonomien din. For 2025 kan husstandar med ei samla bruttoinntekt under 372 084 kroner søke fritak. Som inntekt blir løn, pensjonar, renteinntekter og aksjegevinstar rekna med i totalbeløpet.

Det er også krav til formue. Dersom det samla bankinnskotet til husstanden overstig 124 028 kroner, kan ein ikkje få fritak. Dette betyr at dersom den totale summen av bankinnskot for alle vaksne med inntekt i husstanden er høgare enn 124 028 kroner, så kan ein ikkje få fritak for eigedomsskatt. Dette gjeld berre for personar over 18 år med inntekt.

Kva bustadar gjeld ordninga for?

Fritaket gjeld berre for bustaden du sjølv bur i. Fritidsbustader og sekundærbustader får ikkje fritak. Bebuarar i burettslag kan søke direkte utan å gå via styret.

Individuelle vurderingar

Sjølv om du oppfyller dei økonomiske vilkåra blir ikkje søknaden automatisk innvilga. Kommunen gjer alltid ei individuell vurdering av økonomien din.

Eigedomsskattelova § 28 opnar også for at skatten kan settast ned eller betalast tilbake dersom det ligg føre «særlege grunnar» som gjer det «særs urimeleg» å krevje inn heile eigedomsskatten.

Korleis søke?

For å få vurdert fritak må du sende ein skriftleg søknad til kommunen. 

Vil du vite meir om ordninga og korleis du søkjer? Les meir i vår hovudartikkel om fritak for eigedomsskatt her.