Digihjelpa – for deg som vil lære meir om nettbrett, mobil og PC - årets siste moglegheitLytt til tekstenStopp avspillingEr du nysgjerrig på å lære meir om nettbrett, mobil og PC, men usikker på kor du skal starte? Då kan Digihjelpa vere løysinga for deg!Kva er Digihjelpa?Digihjelpa er eit spennande tilbod som gir gratis opplæring og rettleiing til eldre og andre som ønskjer å bli meir komfortable med moderne teknologi. Anten du vil halde kontakt med familie og venar på nettet, handle trygt på nettbutikkar eller utforske digitale tenester, vil Digihjelpa gi deg den nødvendige kunnskapen og sjølvtilliten.Kvar finn eg tilbodet, og når tid?Du kan møte opp på biblioteka i Florø og Måløy frå kl. 13.00 til 15.00 på følgande datoar:Tysdag 11. juniFredag 6. septemberFredag 18. oktoberTysdag 12. novemberTysdag 10. desemberDet er berre å møte opp! Inga påmelding er naudsynt.Engasjerte frivillige hjelper degDigihjelpa drivast av engasjerte frivillige som er dedikerte til å hjelpe eldre og andre til å ta steget inn i den digitale verda. Opplæringa skjer i ditt tempo og i eit vennleg miljø.Bli med på reisa inn i den digitale tidsalderen! Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 09.12.2024 10.15 Sist endra 09.12.2024 10.15