Dialogmøte med hovudutvalsleiar Arve Helle om båtrutene i FlorøbassengetLytt til tekstenStopp avspillingTysdag inviterte leiar av samferdsleutvalet i Vestland fylkeskommune til dialogmøte om båtrutene i Florøbassenget, i samarbeid med Kinn kommune. Om lag ti grendelag var representert i møtet, i tillegg til ordførar Bengt Solheim-Olsen og rådgjevar Kristin Maurstad.Det var sett av godt med tid til innspel frå grendelaga. Mange av grendelaga gav uttrykk for frustrasjon over at arbeidsdagar og skuledagar blir lange som følgje av forseinkingar og endringar i ruteplanen. Det skaper usikkerheit når ein ikkje veit om båten går til rett tid, eller om det blir kanselleringar. Ein fekk høyre historier om folk som ikkje rekk sjukehustimar i Førde og må stille seg bakerst i ny venteliste.Etterlyser betre kommunikasjon mellom partaneDet er også stor frustrasjon rundt kommunikasjonen med Skyss og Norled. Ein opplever å ikkje få gode nok svar når ein vender seg til dei. Skiltinga på kaia i Florø er ikkje god nok, og det er usikkerheit rundt kva båt ein skal gå på. Ein er redd for at dette vil skape vanskar i den komande turistsesongen. Mange retta også kritikk mot manglande teknologiske moglegheiter når ein skal bestille plass for bil, og behov for venteliste.Det har vorte vanskelegare å reise mellom øyane etter at nye båtruter kom i drift. Dette skaper vanskar både for barn og unge som skal delta på fritidsaktivitetar, for næringslivet og reiselivet. Særleg vart den vanskelege kommunikasjonen mellom Rognaldsvåg og Kinn trekt fram. Behovet for ein tredje ferjelem i Florø var eit gjentakande tema. Fleire uttrykte bekymring for omdømmet til området, både som reisemål og for bustad og næring.Utvalsleiaren takka for sindige og saklege tilbakemeldingarArve Helle takka grendelaga for å stille i møtet og for innspela. Han gav ros til for å ha vore veldig saklege og rolege i denne prosessen, trass den krevjande situasjonen. Sjølv om nokre ting har vorte retta opp i, er det framleis mykje som ikkje er godt nok. Særleg kommunikasjonen og bestillingsløysingar bør vere mogleg å få retta opp ganske kjapt. Helle vil no sende innspela han har notert seg vidare til administrasjonen i Vestland fylkeskommune og til Skyss, og be om ei tilbakemelding om ein tidsplan for kva tid ein kan forvente utbetringar. Han vil halde grendelaga orientert via Kinn kommune. Publisert 26.03.2025 07.27 Sist endra 26.03.2025 07.27