Dette skjer etter brannen på Informasjon og service

Tysdag 2. september tok eit batteri fyr på informasjon og service i Florø kulturhus. No er arbeidet med å sanere lokala i gang, men «tenestetorget» er ikkje tilbake med det første.

Arbeidet med å hente ut naudsynt utstyr som dei tilsette trengte for å utføre arbeidet sitt starta allereie morgonen etter brannen. No jobbar Recover med å sanere sjølve lokala, slik at dei tilsette kan sakte men sikkert vende tilbake til kontorplassane sine.

Det verst råka området er der brannen oppstod – på Informasjon og service, og ventilasjonsanlegget som tok med seg røyken rundt i lokala. Arbeidsplassane, ventilasjonsanlegget og takhimlingane må reinsast grundig, og to kontor må truleg byggast opp på ny.

Inntil vidare er det sagt at Informasjon og service er oppe og går til slutten av september månad.

Slik kan du kontakte tilsette i mellomtida

Du kan ringe oss på sentralbordet tlf. 57 75 60 00 og opplyse om kven du vil snakke med, eller sjå i tilsettlista vår for å ringe tilsette direkte.