Desse blei heidra med prisutdelingar 17. mai!

Kulturprisen i år blei tildelt Grethe Stavø for heiderleg innsats for å bygge fellesskap og utnytte kulturen si samlande kraft! Les meir om Grethe og dei andre prisutdelingane her.

Årets kulturpris går til Grethe – ei drivkraft i kulturlivet i Kinn gjennom fleire tiår. I over 40 år har ho vore lærar ved Flora ungdomsskule, der ho brukte musikk, konsertar og musikalar til å skape fellesskap og meistring for elevane. Ho gav ungdom ein arena der dei fekk blomstre og kjenne seg verdsette.

Grethe har òg lagt ned ein imponerande innsats i Kinnaspelet sidan slutten av 80-talet – først som songar, så som komitémedlem, sekretær og ansvarleg for program, heimeside og rekruttering. Ho har arrangert vikingleikar, guida vandringar og teke ansvar for det som trengst, ofte i det stille.

I Flora historielag har ho vore aktiv med redigering, korrektur og artiklar for Floraminne og boka Kinnakyrkja – vest i havet. Ho har òg halde føredrag, filmkveldar og guida nye og gamle innbyggarar – alt frivillig.

Grethe har gjeve av seg sjølv med stort hjarte og innsatsvilje, og er ein svært verdig vinnar av kulturprisen 2024. I tillegg til diplom og blomster mottek prisvinnar kr. 10 000.

To personar står på løpebana på Florø stadion og poserer med diplom for mangfaldprisen og vakre blomar i vakkert ver - Klikk for stort bileteLeiar Rita Holsen mottok mangfaldprisen på vegner av Florø Sanitetsforening
  • Ungdommens kulturpris går til Florø Klatreklubb. I tillegg til diplom og blomster mottek prisvinnar kr. 10 000.
  • Mangfaldprisen går til Florø Sanitetsforening som har bygd fellesskap og inkludering på tvers av bakgrunn. I tillegg til diplom og blomster mottek prisvinnar kr. 10 000.
  • Idrettsstipend går i år til Florø United og Skavøypoll United som kvar får eit stipend på kr. 7 500 for å stimulere til vidareutvikling innan idrett for barn, unge og vaksne med funksjonsnedsettingar, eller for dei som treng eit tilrettelagt tilbod.
  • Kulturstipend er delt ut til MIL Cheer i Måløy og er på kr. 7 500. MIL Cheer har klart å skape aktivitet for folk i alle aldrar, og har hatt ein eventyrleg vekst sidan dei starta opp med Cheerdance.

Byggeskikkprisen er tildelt bygningsmiljøet på Sørstrand Folkepark

Sørstrand Folkepark i Florø får byggeskikkprisen for eit prosjekt som på framifrå vis vidarefører og løftar fram vestnorsk byggeskikk. Florø Bygg var den utførande parten med å få reist delar av bygningsmassen. Med bruk av tradisjonelle material som tre og skifer, og med grindbyggteknikken som ein sentral del av konstruksjonen, knyter prosjektet saman kulturarv og moderne bruk.

Bygga – tre naustaktige konstruksjonar reist på dugnad og i samarbeid med lokalt byggefirma Florø Bygg – skapar nye møteplassar og tolkar det historiske naustmiljøet i Florø på ny. Prosjektet er godt tilpassa landskapet, løftar fram lokal identitet og viser korleis tradisjon og innovasjon kan gå hand i hand i utviklinga av fellesskapsarenaer.