Måndag starta besøket med ein varm velkomst på Øklandbygget i Florø, dei to besøkande er
Jerzy Marek Szydlowski og Przemyslaw Major og er høvesvis ordførar og varaordførar frå Busko Zdroj og Cieszyn i Polen. På morgonen fekk delegasjonen ei innføring i kommunen si politiske og administrative organisering, samt arbeidet med kommuneplanen. Etterpå ventar ein byvandring i Florø sentrum og vidare sightseeing med bil, der dei får sjå utviklinga i kommunen på nært hald. På ettermiddagen tar dei båten vidare til Måløy.
Fokus på turisme og næringar i Måløy
Tysdag går turen til Måløy der offentleg service, turisme og sjømatindustrien står på programmet. Delegasjonen får lære om Kinn si satsing på cruiseturisme og sjømatproduksjon (Coast Seafood), samt besøke Kulatoppen omsorgssenter. Ein tur til Kråkenes fyr gir gjestane eit innblikk i dei spektakulære naturopplevingane regionen kan tilby.
Kultur og velferd i fokus
Onsdag er dei tilbake i Florø, og det vert ein dag med fokus på kultur og velferd. Delegasjonen får høyre om det viktige arbeidet kommunen gjer innan kulturtilbod og velferdstenester. Dei får også besøke Florø ungdomsskule, omsorgssenteret, kulturskulen og KURS KF for å sjå korleis tenestene er organisert og tilrettelagde.
Næringsliv og Svanøy som høgdepunkt
Torsdag står næringsliv og miljøspørsmål på dagsorden. Etter faglege innlegg om trafikk og fysisk planlegging får delegasjonen møte representantar frå ulike næringar i kommunen. Deretter går turen til idylliske Svanøy, som alltid er eit populært reisemål med si historie og vakre omgjevnader.
Regional utvikling og avskjed
Fredag vert besøket avslutta med eit program som ser framover. Delegasjonen får innblikk i Kinn si rolle i regional utvikling gjennom besøk til Aksello og Fjordbase. Etter lunsj på Quality Hotel Florø går turen tilbake til Oslo, og vi håpar dei sit igjen med gode inntrykk og reflekasjonar frå opphaldet på turen heim att.
Bakgrunnen for besøket
Bakgrunnen for besøket er ein del av eit større program finansiert av EØS-midlar som har som mål å styrke lokal utvikling i polske kommunar. Programmet skal hjelpe kommunar med utfordringar som fråflytting, arbeidsløyse og miljøproblem, ved å gje dei verktøy og kompetanse til å utvikle integrerte strategiar for lokal utvikling.
Gjennom samarbeidet får dei polske kommunane sjå korleis norske kommunar arbeider med utfordringar innan byutvikling, offentlege tenester, miljø og kultur. Hospiteringsopphaldet i Kinn er eit høve til å dele erfaringar og vise fram beste praksis innan kommunal leiing og planlegging. Det er også eit mål å bygge relasjonar som kan styrke samarbeidet mellom Noreg og Polen i framtida.
Prosjektet er ein del av samarbeidet mellom KS og Association of Polish Cities, og 16 polske kommunar deltar i hospiteringsopphald rundt om i norske kommunar. For Kinn kommune er dette ei god moglegheit til å profilere kommunen og samstundes bidra til internasjonal kunnskapsoverføring og dialog.