Bustadpraten – ein bustad for framtida - eit tilbod i Måløy og FlorøLytt til tekstenStopp avspillingFysio- og ergoterapiavdelinga i Florø og Måløy startar opp eit nytt gratistilbod kalla Bustadpraten. Tilbodet er for innbyggarar i alle aldrar som planlegg å pusse opp eller gjere endringar i bustaden, og som ønskjer å legge til rette for å kunne bu heime lengst mogleg.Nordmenn er i verdstoppen når det gjeld oppussing av bustad. Mange brukar mykje tid og pengar på å fornye og endre bustaden sin, men utan å tenkje på framtidige behov. Målet med Bustadpraten er å gi innbyggjarane kunnskap og råd om korleis ein kan gjere bustaden meir funksjonell, trygg og framtidsretta. Enkle val og tiltak kan gjere det mogleg å bu heime lenger – både ved naturlege aldersendringar, sjukdom eller skade.Få råd frå fagpersonarGjennom Bustadpraten kan du bestille time med ein ergoterapeut, der du kan få råd om:korleis bustaden din kan bli meir tilgjengeleg og funksjonellenkle tiltak som kan førebyggje fall og gjere kvardagen tryggareuniversell utforming og tilrettelegging for framtidige behovBustadpraten i FlorøI Florø gjennomfører vi Bustadpraten kvar torsdag mellom kl. 13.00 og 15.00. Stad: Fysio- og ergoterapiavdelinga på Sunnfjord Medisinske Senter (3.etg). Bustadpraten i MåløyI Måløy gjennomfører vi Bustadpraten annakvar måndag frå 12. oktober mellom kl. 13.00 - 15.00Stad: Einevarden (møterom), 3 etg. Måløy rådhusBestill time i bookingløysinga vårDu må bestille time til Bustadpraten gjennom vårt bookingsystem: Bestill time hos ein sakshandsamar – Kinn kommune. Dersom du treng hjelp til å bestille time, kan du ringe kommunen sitt sentralbord på 57 75 60 00 for bistand. For å kunne gi gode råd og rettleiing må du ta med planteikningar av bustaden til timen hos ergoterapeut, og gjerne bilete og/eller film av dei aktuelle romma som skal pussast opp/endrast, samt korleis tilkomsten til bustaden er. Publisert 07.10.2026 08.22 Sist endra 07.10.2026 08.22