Brukarundersøking i helse og omsorgLytt til tekstenStopp avspillingI løpet av oktober gjennomfører Kinn kommune brukarundersøking i heimetenestene og på institusjonane. Brukarundersøkingar i pleie- og omsorgstenestene er eit viktig verkemiddel for å sikre kvalitet, utvikling og openheit. Dei gir brukarane moglegheit til å dele erfaringar og synspunkt på korleis tenestene fungerer i kvardagen. Gir grunnlag for forbetringMålet med undersøkinga er å få kunnskap om korleis tenestemottakarane opplever kvaliteten i tilbodet – til dømes når det gjeld tryggleik, respekt, medverknad, tilgjenge og fagleg kompetanse. Resultata gir kommunen eit grunnlag for å vurdere om tenestene svarar til behova, og peikar på område der det er rom for forbetring. Brukarundersøkinga er digital i årI år vert brukarundersøkinga gjennomført med digitale hjelpemiddel. Brukarane vil framleis bli spurt direkte, men Kinn kommune vil nytte det digitale verktøyet Imatis til innsamling og handsaming av svara. Dette gjer arbeidet meir effektivt og gir betre moglegheiter for å analysere og ta i bruk resultata. Kinn kommune er innovative i bruken av teknologi, og satsinga på Imatis markerer eit spennande steg vidare i utviklinga av tenestene. Brukarundersøkinga blir på denne måten både eit kontrollverktøy og ein viktig arena for dialog, der brukarar og pårørande opplever at stemma deira vert lytta til og teke på alvor. Publisert 04.09.2025 09.02 Sist endra 04.09.2025 09.02