Bli med på temadag om aktiv aldring!Lytt til tekstenStopp avspillingVi inviterer til ein innhaldsrik temakveld med fokus på førebygging – og i år blir det med ein ny vri! Arrangementet er ope for alle og gir deg nyttig kunnskap om viktige tema, gode samtalar og kanskje nokre overraskingar undervegs. Det skjer 18. mars og 19. mars. Eit spennande programGjennom fleire år har fysio- og ergoterapiavdelinga arrangert temadagar med ulike førebyggande tema, frå brannførebygging til fysisk aktivitet og teknologi. I år kan du sjå fram til føredrag, kulturinnslag og stands med variert informasjon om tema som:Framtidsfullmakt – kva betyr det for deg og dine næraste?Bustad og tilpassing – moglegheiter for å bu trygt og godt heimeAktivitetstilbod og kulturliv – oppdag nye fritidsaktivitetarBrannførebygging – enkle grep for ein tryggare kvardagBåde frivillige lag og profesjonelle aktørar vil vere til stades for å gi deg nyttig informasjon og svare på spørsmål.To timar med kunnskap og god stemningDette er ein flott sjanse til å få med seg verdifull informasjon i eit uformelt og triveleg miljø. Ta gjerne med deg vener, familie eller naboen!Måløy – Nordfjordhallen18. mars kl. 18.00–20.00Florø – Samfunnshuset19. mars kl. 17.00–19.00For å gjere kvelden endå betre blir det servert kaffi, te, twist og frukt. Velkomen til ein lærerik og sosial kveld! Publisert 08.03.2025 11.15 Sist endra 07.03.2025 14.31