Bli med og bestem i Ungdommens kommunestyre! No er det snart tid for val!

Vil du vere med og påverke kva som skjer for ungdom i Kinn? Snart kan du stille til val til Ungdommens kommunestyre (UKK).

UKK skal ha 15 representantar frå ungdomsskular og vidaregåande skular i kommunen. Du kan stille som kandidat dersom du bur i Kinn - også om du er hybelbuar - og er mellom 13 og 19 år i 2025.

Du får diskutere saker som er viktig

Som medlem får du vere med på å ta opp og diskutere saker som gjeld ungdom, som til dømes busstilbod, fritidstilbod og resultat frå Ungdata-undersøkinga. Du kan også kome med eigne forslag til kva UKK bør jobbe med.

Regelmessige møter og løn for arbeidet

Det blir fem–seks møte i året, nokre i Måløy, nokre i Florø og nokre digitale. Du får både opplæring, fri frå skulen når det trengst – og løn for innsatsen.

No er det snart val, så følg med på skulen din

Valet blir gjennomført på skulane, og fristen er 30. september. Det første møtet i det nye ungdommens kommunestyre blir 15. oktober, og då skal ein velje ungdomsordførar og varaordførar.

Å vere med i UKK er ei god moglegheit til å lære om demokrati, få erfaring du kan bruke vidare – og ikkje minst påverke kvardagen for ungdom i Kinn.

Følg med på informasjon frå skulen din om korleis du kan melde deg som kandidat!