Bli bøsseberar under TV-aksjonen 2026!Lytt til tekstenStopp avspillingSøndag 18. oktober går årets TV-aksjon i gong - i år er det NRC Flyktninghjelpen som er mottakar av midlane. Ordførar Bengt Solheim-Olsen oppmodar innbyggarane om å bli bøsseberarar og bidra til årets viktige sak. Du kan registrere deg som bøsseberar på tvaksjonen.no.TV-aksjonen går til NRC Flyktninghjelpen og skal gi over 400 000 menneske på flukt eit tryggare liv. Pengane skal bidra til betre bustadforhold, tilgang til reint vatn og hjelp til menneske som har mista heimane sine som følgje av krig og konflikt.– 6 dagar igjen! Søndag 18. oktober går vi med bøsse for menneske på flukt, og vi vil så veldig gjerne ha deg med. Éi bøsse og nokre timar på søndagstur kan gjere ein stor skilnad for ein familie som har mista heimen sin. Meld deg på tvaksjonen.no med ein gong. Tusen takk, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen.Vil du bli bøsseberar?Å vere bøsseberar tek om lag to timar, og innsatsen din kan bety mykje for menneske i nød.Bli med på dugnaden du òg!Meld deg som bøsseberar på heimesida til TV-aksjonen. Publisert 12.10.2026 07.40 Sist endra 12.10.2026 07.40