Bli bøsseberar for TV-aksjonen 2024 - Saman for små heltar!

TV-aksjonen 2024 går til Barnekreftforeininga sitt arbeid med å etablere familiehus for barn med alvorleg sjukdom og deira familiar. Søndag 20. oktober går vi saman for små heltar! 

Når eit barn blir alvorleg sjuk, vert heile familien ramma. I familiehusa som vert etablert med midlane frå TV-aksjonen, kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu i saman medan barnet er under behandling.

Meld deg som bøsseberar her!

Verdas største dugnad

NRK sin TV-aksjon er verdas største innsamlingsaksjon målt i tal frivillige og innsamla midlar per hovud. Gjennom 50 år har TV-aksjonen samla inn totalt meir enn 11 milliardar kroner, som har bidratt til å hjelpe fleire millionar menneske over heile verda. For Barnekreftforeininga er det ein stor ære å vere mottakar av TV-aksjonen 2024. 

Tildelinga gjer det mogleg å realisere familiehusa ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Målet er at 100 000 bøsseberarar skal besøke heimar i heile Noreg i løpet av to timar søndag 20. oktober.

Vil du vere med å gå saman for små heltar?

Annankvar dag får eit barn i Noreg kreft, og kvar veke blir 10 barn fødd med hjartefeil. Når eit barn får ein alvorleg sjukdom, er det ein enorm belasting på foreldre, søsken, besteforeldre og andre nærståande. Ofte må barnet reise langt for å få livsviktig behandling, og familien vert splitta i lange periodar.

Med familiehusa ønskjer Barnekreftforeininga å gjere situasjonen lettare å handtere. Husa skal etablerast i umiddelbar nærleik til universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

Familiehusa vil gi familiar med alvorleg sjuke barn, uavhengig av diagnose, moglegheita til å skape ein heim vekke frå heimen. Her kan dei støtte kvarandre gjennom livets vondaste periode, og få etterlengta pauser frå sjukehusa sine alvorstunge korridorar. 

Les meir om familiehusa på heimesida til Barnekreftforeningen.