Biltrafikk til og frå Rognaldsvåg kan gå som normalt frå torsdag

Arbeidet med utbetring av ferjekaia har gått fortare enn dei estimerte tre vekene. Frå torsdag kan bilførande trafikk til og frå Rognaldsvåg gå som normalt.

Kommunen må likevel gjere ytterlegare tiltak på moloen på eit seinare tidspunkt. Entreprenør støyper i dag (15. juli) og melder at ferjelem kan brukast som normalt frå og med komande torsdag.