2. tertialrapport - Kommunedirektøren sitt framlegg
Folketalsveksten flatar ut
Vi har lagt bak oss fleire år med god folketalsutvikling, særleg knytt til busetting og integrering. Det er grunn til å tru at folketalsutviklinga flatar ut med utgangspunkt i m.a. færre oppgåver innan flyktningfeltet. Vi må også forvente større mobilitet hos innbyggjarane, då vi også ser at fleire vaksne har endra flyttemønster enn tidlegare.
Modige val

Kommuneplanen sin samfunnsdel, som kjem til handsaming i oktober, fokuserer på interessehevding, tenesteutvikling, økonomisk bereevne, demografi og arealstrategi. Skal vi lukkast med å halde oppe eit levande lokalsamfunn, må vi vere opne for endring, rause i møte med nye innbyggjarar, ta modige val og vere kloke i planlegging. Samarbeid og samskape om arbeidskraft og utvikling av tenestene blir avgjerande i omstillingsarbeidet. Vi må også tiltrekke oss etableringar og innbyggjarar.
Bedre styring og budsjettkontroll - høg bruk av fond
Tertialrapporten viser lågare meirforbruk, særleg på grunnskule og pleie- og omsorg, enn rapportar tidlegare år. Mogleg underdekning er 16,6 mill. kr. Driftsbudsjettet er basert på bruk av fond for å balansere drifta, noko som viser at vi framleis brukar midlar vi ikkje har. I 2025 blir det lagt opp til bruk av oppsparte midlar på 21 mill. kr. Sett i lys vårt ekspansive investeringsprogram og store omstillingsbehov er slik bruk av midlar uheldig. Disposisjonsfondet er venta å vere 28 mill. kr. ved utgangen av 2025. Det har vore godt og krevjande arbeid i tenestene for å halde budsjettrammene.
Tilfredsstillande resultat av omstillingsmåla i 2025
Hausten 2024 gjennomførte vi ein prosess der det vart identifisert 80 omstillingstiltak med eit totalt omfang på 160 mill. kr. til 2029. Realisering av omstillingstiltaka er eit vilkår for gjennomføring av investeringar. Vi er 30 færre årsverk enn på same tidspunkt i 2024. Dessutan er vi er i ferd med å realisere målsettinga om tilpassing av budsjett på 49 mill. kr. i løpet av 2025.
Det vanskelege ligg føre oss
Dei vanskelegaste oppgåvene i omstillingsprogrammet ligg føre oss, m.a. med omsyn til naudsynte endringar i skulestruktur og tilpassing av tenestetilbodet til aukande eldre befolkning. Tenestene melder om "slitasje" i høve krav til endring og økonomiske tilpassing. Vi må jobbe aktivt for å ivareta tilsette i ei tid med stort trykk på omstilling.
Tilpassing til lågare inntekter/færre barn innan oppvekst og smartare oppgåveløysing med fleire eldre utan å kunne tildele ressursar tilsvarande auken, er det vi skal løyse. Vi ser at andre kommunar nyttar færre midlar til å løyse oppgåvene sine, og derfor må vi prøve ut nye tiltak og endre strukturar.
Omstilling kan ikkje utsetjast til framtidige generasjonar eller framtidige kommunestyre.
Store byggeprosjekt - god framdrift og budsjettkontroll

Bygging av Skram skole er starta, og det ligg ikkje føre avvik på framdrift eller budsjett. Gate 1-prosjektet er snart ferdig utan større endringar under gjennomføringa. Anbod for Albertatunet har vore ute i marknaden. Vi har ikkje motteke klage, og kontrakten på første byggetrinn ligg innanfor budsjettet. Brannstasjonen i Måløy er teken i bruk. Innan nyttår tek vi sikte på å lyse etter entreprenør for brannstasjon i Florø.
Knappe areal til bedriftene sine utviklingsplanar
Utkast til kommuneplanen sin arealdel er forsinka, men vil komme ut på ny høyring i oktober. Mange innbyggjarar og bedrifter ventar på avklaring. Vi er inne i ei positiv utvikling med mange bedrifter som ynskjer å utvikle. Arealbehovet må vegast i høve krav til planlegging, men også sysselsetting og verdiskaping er viktig. Kommuneplanen seier mykje om klimatilpassing, arealrekneskap og by- og tettstadsstruktur.
Arbeid med tenester med meirutgifter
Vi har framleis utfordringar med å halde budsjettrammer på einskilde område, men dette vert det jobba aktivt med å handtere. Særlege utfordringar har vi innan brann og redning, bustad m.v.
Arbeid med sjukefråvær
Utviklinga viser at fråværet er tilbake på eit lågare og meir stabilt nivå. Nedgangen i korttidsfråvær er særleg positiv, medan langtidsfråværet framleis ligg relativt høgt og krev vidare oppfølging. Sjukefråværet er lågare enn for tilsvarande måling for 2 år sidan, og er nede på 7,1%.
Arbeid med kvalitet
Det er lagt fram tilstandsrapport for grunnskule og barnevern. Grunnskulen og barnevernet har jobba godt med kvalitet, og på nokre punkt betra resultata sine. Agenda Kaupang har i sin kommuneindeks rangert oss som den tredelen av kommunane med best kvalitet. Vi har klatra på denne analysen.
Norunn Stavø presenterer Kinn sitt arbeid med rekruttering i helse og velferdKommuneindeksen set saman indikatorar og statistikk frå alle tenesteområde, og vurderer Kinn kommune mot andre. Kommunen blir invitert av andre for å gje informasjon om rekrutteringsarbeidet til helse- og velferdssektoren, og er såleis teke fram som ein føregangskommune på dette område.
Nøgde innbyggjarar
Innbyggjarundersøkinga som vart utført i vår (PDF, 4 MB) gir uttrykk for innbyggjarane sine vurderingar av kommunen sitt arbeid og tenestenivået. Undersøkinga (borgarundersøking) syner at innbyggjarane jamt over har eit betre inntrykk av kommunen enn i tidlegare år. Samanlikna med undersøkingane frå 2023 og 2024 er fleire resultat forbetra, og fleire tenester har fått høgare skår. Likevel treng vi å rette fokus mot dette, og vi har ein veg å gå i høve andre kommunar.