Befolkningsutvikling i Kinn kommuneLytt til tekstenStopp avspillingFormannskapet ba administrasjonen om å lage ei grundig analyse av dei demografiske utviklingstallene for å forstå flytte og busettingsmønsteret i Kinn kommune. Med bakgrunn i formannskapet si bestilling er det no utarbeidd prognosar for utvikling av folkemengda i tre utviklingsbaner. Ein for høg vekst, ein for middel vekst og ein for låg vekst. Befolkningsutviklinga i Måløy og Florø vil gå i same retning i alle tre alternativa fram mot 2050. Florø hadde 31.12.2022 ei folkemengd på 11845 personar, medan Måløy hadde ei folkemengd på 5334 personar. Les om befolkningsutviklinga i Kinn kommune her (PDF, 2 MB) Høg vekst Ved «høg vekst»-alternativet vil Florø få ein vekst på om lag 894 personar (0,3 prosent vekst) og Måløy om lag 215 personar (0,1 prosent vekst). Middels vekst Ved "middels vekst" vil Florø få ein nedgang i folkemengda på om lag -446 personar (-0,1 prosent vekst) medan Måløy vil få ein nedgang på om lag -381 personar (-0,3 prosent vekst). Låg vekst «Låg vekst»-alternativet vil gi ein nedgang i folkemengda på oppunder -1535 personar i Florø (-0,5 prosent vekst) og om lag -854 personar i Måløy (-0,6 prosent vekst). Sist endra 30.08.2023 14.07