Barnehagedagen 2024

I 2024 vart Barnehagedagen arrangert tysdag 12. mars. Markeringa bidrog til å synleggjere korleis barnehagen og tilsette jobbar for å gi barn kunnskap om og erfaring med kulturarven i sitt nærmiljø.

Barnehagen er ein viktig kulturarena. Det er ein stad der barn får kunnskap og erfaring med lokale tradisjonar og moglegheit til å oppleve tilhøyrsle til eige nærmiljø. Derfor er kulturarv valt som tema for Barnehagedagen 2024. Barnehagebarn veks opp i eit mangfald av kulturinntrykk. Barnehagetilsette og foreldre har ei viktig oppgåve med å gje barna gode opplevingar i og rundt nærmiljøet.

Barnehagen si lokale tilhøyrsel og aktive bruk av nærmiljøet er ein del av den tradisjonelle norske barnehagepedagogikken. Den tar utgangspunkt i at barnehagen er ein del av nærmiljøet og at nærmiljøet har betydning for barns liv. Barn blir kjend med den lokale kulturarven på sin stad gjennom leik og aktivitetar. Det handlar om lokal kultur og historie, men også om at dei yngste i samfunnet er viktige medspelarar i vår felles kultur.

I barnehagesamanheng endrar «staden min» seg i takt med at barna veks, og fokuset flyttar seg frå her og no når dei er små, til det som skjer rundt etter kvart som barna blir større.

Dei to eldste kulla, rosa og grøn gruppe, i Skavøypoll barnehage brukar barnehagebussen og ein trelavvo i skogen i barnehagekvardagen.  Annankvar månad reiser vi med bussen til ulike turmål rund om i nærmiljøet, og annankvar månad er vi i skogen med lavvoen som base. Vi er ute store delar av dagen, året rundt.

I skogen brukar vi naturen som leikeplass og nyttar oss av det vi finn ute. Går på turar i nærmiljøet, som dagsturhytta på Kletten, Dalsneset, haugen ved skulen og ulike leikeplassar. Ved å bruke barnehagebussen kjem vi oss rundt i nærmiljøet på ein unik måte. Vi får oppleve kulturarven gjennom å reise til ulike plassar som har betydning for korleis samfunnet vårt er i dag. 

Vi besøker ruiner etter gamle kanonstillingar og bunkersar etter krigen, både i Osmundsvåg og i Vemmelsvik. På Øyna ser vi minnesmerke etter krigshandlingar. Vi går tur og ser på dei store vindmøllene på Mehuken og besøker uteområdet på Vågsberget. I Refvik får vi oppleve stranda både fine sommardagar og i haustvinden. Vi får oppleve dyreliv både i Rimstaddalen og på Halsør. På Kvalheim, Flatraket, Søholmen, i Almenningen, Vedvik, Holvik og mange fleire plassar får vi gode opplevingar gjennom felles leik og aktivitetar.