Badevasskvalitet i Kinn kommune

Det har vore gjennomført vassmålingar ved dei mest populære badeplassane i Kinn kommune. Dette gjerast for å sikre god hygienisk vasskvalitet. Det takast fleire prøver av kvart område for å sikre representativt materiale. I desse blir det sett etter spesifikke tarmbakteriar som kan gje sjukdom hos dei som badar. Prøvene som er tatt i Kinn viser jamt over resultat med god hygienisk badevasskvalitet både i Nord og Sør Kinn, med eit unntak.

I nordre del av Kinn

I nordre del av Kinn er det teke prøver av Refviksanden, Sætresanden og Poljavatnet. Ved Sætresanden og Poljavatnet er vasskvaliteten utmerka. Ved Refviksanden er 9 av 11 prøver av utmerka kvalitet, men det er teke to prøver som viser forhøga verdiar av tarmbakteriar. Desse to prøvene er tekne frå elvene i aust og vest som renn ned mot sanden. Det er elva i vest som har dårlegast hygienisk vasskvalitet og ligg over anbefalt grense for bading. Desse elvene nyttast mykje av barnefamiliar som ønsker litt grunnare vatn for dei minste borna. Dersom ein vel å bade i elvene, bør dei minste borna ha oppsyn slik ein forhindrar at dei får i seg vatnet, i tillegg til at det anbefalast å dusje i etterkant. I sjøen ved Refviksanden er vasskvaliteten utmerka.

I søre delen av Kinn

I søre delen av Kinn er det teke prøver frå Sørstrand, Eikefjord, Lille Prata og Storevatnet. Sørstrand og Eikefjord har begge utmerka vasskvalitet. Innst i vika ved Lille Prata vil det naturleg nok vere litt mindre vassutskifting enn lengre ute, men alt i alt er Lille Prata ein godt eigna badeplass.

Til sist er det teke prøver av Storevatnet. Prøvene er teke ved austenden og viser ikkje overraskande noko meir av tarmbakterier enn dei øvrige badeplassane i Sør Kinn. Dette er framleis innanfor det som er godkjent for bading, og kan dels forklarast med at det her er ein del ender og andre fuglar. Generelt gir bading i ferskvatn med ender auka risiko for mellom anna hudirritasjonar som svømmekløe. Svømmekløe er heldigvis ikkje farleg, men kan som namnet tilseie gje plagsom hudkløe i ei begrensa periode. Alt i alt så kan man bade i Storevatnet, men det kan vere fornuftig å tørke av seg så snart man kjem opp av vatnet, og dusje når man kjem heim.

Rapport Sør Kinn (PDF, 114 kB)