Avdelingsleiar Mette Reksten Solheim vann arbeidsmiljøprisenLytt til tekstenStopp avspillingAvdelingsleiar Mette Reksten Solheim Kinn kommune Vi gratulerer så mykje til Mette som er vinnaren av arbeidsmiljøprisen 2022! Som vinnar får ho 20 000 kroner som ho kan bruke til dømes til velferdstiltak på arbeidsplassen. Ordførar Ola Teigen delte ut prisen på vegner av komitéen. Totalt var det 19 nominasjonar til prisen i år. Grunngjevinga frå komitéen Juryen meiner at Mette Reksten Solheim som avdelingsleiar jobbar systematisk med utvikling av HMT-arbeidet gjennom å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø, bidrar til auka motivasjon, entusiasme og godt humør. Mette sin leiarstil hjelper til med å redusere belastingslidingar som fører til positiv utvikling på fråvær. Mette deltok i organisering og gjennomføring av flytting av både bebuarar og tilsette frå tre bustader i miljøtenesta med ulike organisasjonskulturar, og har leia endrings- og omstillingsarbeid i den nye avdelinga i 3. etg på Florø omsorgssenter på ein framifrå måte. Dei tilsette på denne avdelinga uttrykker at Mette har vore og er ein samlande, motiverande, raus og støttande leiar i oppbygging av avdelinga. Alltid tilgjengeleg, positiv, godt humør og kunnskapsrik. Evner å ta tak i ting, og ikkje minst å sjå og inkludere personalet med deira kompetanse i arbeidet med å bygge opp ei god avdeling, og eit godt arbeidsmiljø både fysisk og psykisk. Dei opplever at dei får tillit og blir inkludert. Trivselen deira er stor, noko som også brukarane gir uttrykk for. Mette tar tak i utfordringar med ein gong, og er flinkt til å finne løysingar som er til det beste for både brukarane og personalet. Dei tilsette gjev tydeleg uttrykk for at dei meiner at Mette verkeleg fortener denne prisen då ho er ein gledesspreiar utan like - viser omsyn for pasientane, brukarar og medarbeidarane rundt seg, og drar andre med seg i arbeid på ein engasjerande måte, som får folk til å glede seg til å vere på jobb og gjer arbeidet kjekkare. Publisert 15.12.2022 13.02 Sist endra 05.12.2023 12.02