Årsrekneskap 2023: Betre resultat for drift av Kinn kommune enn prognose

Kinn kommune kom ut med eit negativt netto driftsresultat på -29  millionar kroner i 2023. Resultatet utgjer -1,5% av driftsinntektene, mot eit planlagt negativt resultat på -25 millionar kroner i revidert budsjett. Kommunen brukte 27 millionar kroner av bufferfondet på dekke inn negativt resultat. Ved utgangen av 2023 har Kinn eit bufferfond på 48 millionar kroner mot 73 millionar kroner ved utgangen av 2022. 

Den økonomiske situasjonen er betre enn rapportert i 1. og 2 tertialrapport 2023. Det kjem av eit lågare forbruk, mindre utgifter og høgare inntekter til tenestene enn prognostisert. 
Tenestene vart bede om å stramme inn drifta for 2. halvår 2023, då vi låg an til meirforbruk på 30 mill. kr. Meirforbruket enda til slutt på 13 millionar kroner.  Leiarar og tilsette har jobba godt for å oppnå dette resultatet.  Vi hadde også meirinntekter på frie inntekter (skatt og rammetilskott) på 2,1  millionar kroner og meirinntekt frå havbruksfondet på 6,7 millionar kroner i 2023.

Kinn kommune har framleis behov for å omstille drifta for å bygge investeringskapasitet, og dekke renter og avdrag på låneopptak til eldreomsorg, skule og infrastruktur. I 2023 brukte vi oppsparte midlar på 27 mill. kr. og i 2024 budsjetterer vi med bruk av fond på 6 mill. kr.

Vi har framleis områder med manglande samsvar mellom budsjett og faktiske driftsutgiftsnivå, som vi må jobbe med i 2024. 

Vi budsjetter med at lånegjelda kjem til å auke med netto  ca. 1 mrd. frå inngangen til 2022 til utgangen av 2027. Auka rente- og avdragskostnader på kring 100 mill. kr. skal i stor grad dekkast med driftsreduksjonar.

Årsrekneskapen vert no oversendt til revisor. 

Vi vil informere nærare om årsrekneskapen i formannskapsmøte 6. mars. Utfyllande informasjon om driftsåret 2023 kjem i årsrapporten som vert lagt fram i slutten av mars.

Øyvind Bang-Olsen
Kommunedirektør 
Florø 27. februar 2024