«Skavøypoll barnehage har jobba systematisk med tiltak som er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø og som bidrar til å auke motivasjon, entusiasme og godt humør. Tilsette er merksame og seier alltid God morgon til kvarandre, og har ein god tone. Dei setter felles mål og utarbeider felles arbeidsmetodar for å oppnå lik praksis, dette er med å skape “oss”. Sosialt har dei pauselotteri, pausekos, sosialkomité som gir gode felles opplevingar og auka samhald. Tilsette jobbar stort sett innafor eit team i barnehagen, slik at ein som ansatt i stor grad har ein forutsigbar dag. Det blir i stor grad utarbeida rutinar, slik at alle veit korleis oppgåvene både forventast gjennomført og skal gjennomførast. Tydeleg ansvar gjer det lettare å føle seg trygg i eige arbeid.
Barnehagen har også jobba med tiltak som hjelper til med å redusere belastningslidingar og til ei positiv utvikling på fråværet, redusering av farleg arbeid og liknande etter prinsippet ”føre var”. Barnehagen har ein flink leiar som er god på å minne dei tilsette om å ta i bruk hjelpemidlar, slik som t.d. hev-senk stellebord for å forebygge belastningsskadar. Det har og i større grad blitt nytta vikarar ved behov, dette gjer det mindre belastande for dei som er på jobb. Leiar er og god på justere vakter t.d. ved å nytte IST sin oversikt på forventa barnetal. Fagjuryen vil trekke fram spesielt ein tilsett som heiter Torill Solheim. Torill blei nominert frå fleire kollegaer og blir sett stor pris på, nokon kallar ho "verdens beste kollega". Torill har vore ein trufast medarbeidar i Skavøypoll barnehage sidan oppstarten i 1988. Ho har alltid vore ein god bidragsytar inn i arbeidsmiljøet med sitt milde og rolege vesen. I tillegg har ho eit godt blikk og tek initiativ til å gjere det triveleg rundt seg til stor glede for både barn, foreldre og kollegaer. Inngangsparti, garderobe og inne på avdelinga er prega av god stemning i form av blomster, plakatar og orden.»