Arbeidet med ny arealplan held fram

Det pågår eit arbeid med rullering av kommuneplanen sin arealdel. Forslag til ny arealplan var på 1. gongs offentleg høyring i perioden 07.07.2023 – 03.11.2023. Det kom inn om lag 400 innspel/merknader til forslaget, inkludert motsegner frå offentlege instansar.

Kommunen arbeider med vurdering av alle innkomne innspel og motsegner. Dette arbeidet inneber også behov for nye utgreiingar, oppdatering av konsekvensutgreiingane og ROS-analysene, og endringar i planforslaget. Arbeidet har teke noko lengre tid enn tidlegare forutsett. Det vert arbeidd mot at endra planforslag kan leggast ut på 2. gong offentleg høyring i løpet av våren 2025. Høyringa vil bli kunngjort i lokalavisene og på heimesida vår.

Alle innspel vert oppsummerte og vurderte i eit eige dokument som vil følgje saka. Korleis ditt innspel er vurdert, vil bli tilgjengeleg når revidert planforslag vert lagt på ny offentleg høyring.