Aktiv aldring og den nasjonale fallførebyggingsdagen

Tysdag 18. mars i Måløy og onsdag 19. mars i Florø vart det arrangert temakveldar om aktiv aldring for eldre i kommunen. Arrangementa samla over 170 deltakarar, og engasjementet var stort både blant deltakarar og dei mange frivillige og fagpersonane som stilte med stand og informasjon. I dag markerer vi også den nasjonale fallførebyggingsdagen!

Møteplass for kunnskap og inspirasjon

I Måløy møtte om lag 70 personar opp, medan Florø samla heile 100 deltakarar. Det var eit mangfald av stands og aktivitetar begge stader. Alt frå seniordans og kunstlag til frivilligsentral, musikkråd, brannvern, og metallsøkarforeninga Gloføykje var representert. Her kunne deltakarane få innblikk i både helse, tryggleik, fysisk aktivitet og kulturtilbod – alt med fokus på å støtte ei aktiv og trygg aldring i eigen heim og lokalsamfunn.

Arrangementet er eit resultat av eit tverrsektorielt samarbeid leia av Fysio- og ergoterapitenesta i kommunen. Målet er å gje nyttig informasjon og inspirasjon til eldre – og dei som står dei nær – om førebygging, meistring og deltaking i kvardagen.

Temakveld med viktig bodskap

Til liks med dei årlege førebyggande heimebesøka, var arrangementa i mars ei vidareutvikling av kommunen sitt arbeid for å nå fleire eldre med god og nyttig informasjon. I 2020 gjekk ein frå å tilby enkeltbesøk til 75-åringar til å invitere 70-åringar til temadag – og no temakveld – for å inkludere fleire. Det var inga påmelding, og kvelden var open for alle.

Deltakarane fekk høyre føredrag om mellom anna fallførebygging, bustadtilrettelegging, velferdsteknologi og framtidsfullmakt – tema som både kommunen og helsemyndigheitene løftar fram som særleg viktige for eit trygt og sjølvstendig liv heime så lenge som mogleg.

Framtidsfullmakt gir deg kontroll – også når helsa sviktar

Kommuneadvokat Sissel Leni Sundal Nærø informerte om framtidsfullmakt som eit viktig tema under innleiinga til dagen om aktiv aldring. Ei framtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til vergemål, der du på førehand kan bestemme kven som skal hjelpe deg, og korleis, dersom du seinare ikkje lenger er i stand til å ivareta eigne interesser grunna sjukdom eller demens. Fullmakta kan omfatte både personlege og økonomiske forhold – som betaling av rekningar, sal av eigedom eller representasjon overfor det offentlege. Det er strenge formkrav knytt til oppretting, og det anbefalast å søkje juridisk rådgjeving om ein er usikker. Det er Statsforvaltaren som er ansvarleg for denne ordninga.

Les meir om framtidsfullmakt hjå Statsforvaltaren i Vestland, eller på www.vergemål.no - der finn du også skjema og meir informasjon. 

SMS og kaffikos – gode verktøy for å nå ut

Evalueringa viser at mange hadde fått med seg arrangementet via SMS-varsling frå "Lev Vel"-programmet, eit teikn på at digitale løysingar kan fungere godt – men også at fleire etterlyser lågare terskel for hjelp med digital teknologi. Dei eldste deltakarane, særleg dei over 80 år, ønskjer seg kurs eller rettleiing i bruk av mobil og PC.

Servering av kaffi, te, frukt og twist – sponsa av KIWI – skapte ei lun og inkluderande stemning som mange sette stor pris på.

Den nasjonale fallførebyggingsdagen 29. april

Fall er den vanlegaste ulykkestypen blant eldre, og 29. april markerer Noreg den nasjonale fallførebyggingsdagen. Målet er å rette merksemda mot kor viktig det er å førebygge fall gjennom styrke- og balansetrening, bustadtilrettelegging og god informasjon.

Sjølv om ikkje alle fall fører til skadar, er det heile 9000 personar som kvart år blir behandla for hoftebrot etter fall. Mange av desse kunne vore unngått. Det å vere fysisk aktiv, kjenne sine eigne risikoar og få tilpassa bustaden sin – gjerne i god tid før ein blir skrøpeleg – er avgjerande.

Eit løft for førebygging

Førebyggande arbeid handlar om å styrke kvardagsmeistringa, tryggleiken og livskvaliteten for alle eldre. Gjennom tiltak som temakveldar, heimebesøk og samarbeid med frivillige organisasjonar viser Kinn kommune at dei tek dette ansvaret på alvor.

Vil du vite meir om førebyggande heimebesøk og fallførebygging? Sjå Helsedirektoratet si rettleiing her.