29 tilsette blir studentar på ny fagskuleutdanningLytt til tekstenStopp avspillingDen aller første samlinga for fagskuleutdanninga i positiv åtferdsstøtte (PAS) gjekk av stabelen i Florø måndag, med 29 motiverte studentar. Utdanninga, som er eit samarbeid mellom Kinn kommune, Studiesenter Kysten og fagskuleaktøren Tirna, skal bidra til å styrke kompetansen og praksisen i kommunen sine tenester.Dette er det første kullet som startar denne utdanninga i vårt område av fylket. Utdanninga gjev 30 studiepoeng og går over to semester.Lågare terskel til å heve eiga kompetanseVi er stolte av å kunne tilby denne utdanninga lokalt, noko som gjer det enklare for tilsette å delta og heve kompetansen sin. Målet er å skape ei felles forståing og praksis som fremjar positiv utvikling og livskvalitet for innbyggarar med behov for støtte. Totalt 29 tilsette frå miljøtenesta, institusjonar og dagsenter deltek i utdanningsløpet.Timelærar Daniela Musli ønskte studentane velkomne med ei klar melding: «Gratulere! De har teke steget vidara om å bli ein PAS-kommune.» Dette understrekar kommunen sin ambisjon om å implementere PAS som eit gjennomgåande prinsipp i arbeidet med barn, unge og vaksne med behov for tilrettelegging.Utdanning som gagnar kommunen sine tenesterUtdanninga vil gje studentane verktøy og kunnskap til å jobbe systematisk med å forstå åtferd, bygge relasjonar og skape eit miljø som reduserer åtferd som utfordrar, men fremje ønskt åtferd. Denne satsinga er eit viktig steg mot å vidareutvikle kommunen sine velferds- og tenestetilbod.Vi ønskjer dei 29 studentane lukke til med eit spennande og viktig studieløp! Publisert 24.09.2025 08.41 Sist endra 24.09.2025 09.21