29 søkarar til ledig stilling som arealplanleggar/kommuneplanleggar!

Då vi nyleg lyste ut stillinga som arealplanleggar/kommuneplanleggar, fekk vi heile 29 søknader frå engasjerte og kompetente kandidatar frå heile landet.

Vi er spesielt glade for den jamne fordelinga mellom menn og kvinner frå heile landet blant søkarane – 17 menn og 12 kvinner. Det store søkartalet er ein positiv stadfesting på at Kinn kommune er ein attraktiv stad å jobbe, og det gir oss eit sterkt grunnlag for å finne den rette kandidaten til stillinga. Vi ønskjer å takke alle som har vist interesse, og gler oss til å få på plass ein dyktig medarbeidar som skal bidra til å vidareutvikle kommunen.