250 000 kroner til kulturaktivitetar!

Kinn kommune har fordelt 250 000 kroner i kulturmidlar for 2025. 33 søkarar har sendt inn søknader om støtte, med eit samla søknadsbeløp på heile 1,12 millionar kroner.

Det store talet på søknader viser eit breitt og levande kulturliv i kommunen. Kulturmidlane skal styrke eksisterande aktivitetar og stimulere til nyskapande prosjekt for innbyggarane våre. Det er lagt særleg vekt på opne arrangement og tiltak som rettar seg mot barn og unge.

Slik har tildelinga blitt vurdert

Retningslinene for kulturmidlane seier at midlane først og fremst skal gå til innhaldsproduksjon – altså arrangement, aktivitetar og prosjekt som folk kan delta på eller oppleve. Søknader om ordinær drift, investeringar eller tiltak som fell utanfor formålet, er ikkje prioriterte.

Du kan lese meir i den politiske saka som var til handsaming i kultur- og oppvekstutvalet 25. mars.

Flora Musikkråd har vore med i vurderingsarbeidet, og deira innspel er teke med i den endelege tildelinga.

Nytt frå 2025 er også at Kinn kommune har innført fleire ordningar for å støtte aktivitet og deltaking:

Desse får støtte i 2025

Her er ei oversikt over mottakarane av kulturmidlar:

Tildeling 2025
SøkarTildelt beløp
Blandakoret Gnist v/Bodil Kløve15 000
Måløy Musikklag v/Toril Haugen15 000
Florø Live v/Sivert Orheim10 000
Floraskulen Brassband v/Jostein Fredheim20 000
Standal 4H v/Anita Sæther7 500
Aktiv Raudeberg v/Ole Mathisen5000
Askrova bygdelag v/Terje Svardahl20 000
Svanøy grendautval v/Lisa Myklebust5000
SDQ v/Sanja Dukanac Qattawi5000
Havblikk (festival) v/Johan Bakken20 000
Havblikk (konsertserie) v/Johan Bakken20 000
Måløy Songlag v/Siv Brunsvik15 000
Sangkoret Stormklang v/Ellinor Halsen15 000
Fryd v/Jorunn Hordvik15 000
Gloføykje Metallsøkerforening (open dag) v/Klaus-Dieter Edler8000
Gloføykje Metallsøkerforening (koordinere kulturminnedagane) v/Klaus-Dieter Edler9 500
Frelsesarmeen Florø FA Sjøspeidar v/Rune Rasmussen20 000
Husabula Kulturscene v/Atle Isaksen25 000

Takk til alle som bidreg til kulturlivet!

Vi takkar alle som har søkt, og som gjennom sitt arbeid er med på å skape eit rikt og mangfaldig kulturtilbod i kommunen. Vi ser fram til eit nytt år fullt av aktivitetar, opplevingar og samhald!