1. tertialrapport 2026 - God økonomistyring, nedjustering av inntekter og auka rente

Vi jobbar med krevjande oppgåver. Innbyggjartalet går noko attende. Tala må setjast i samanheng med utflating etter nokre år med stor vekst. Vi innstiller på auka ressursinnsats for å motverke færre arbeidsplassar og samarbeide med næringslivet. Vår ressursdisponering blir krevjande med meir auka lånegjeld, og det å oppretthalde tal arbeidsplassar i næringslivet i ein situasjon med færre yrkesaktive blir neppe enkelt. Tertialrapporten viser at økonomistyringa er tilfredsstillande. Rapporten legg opp til å ta ned inntekter frå havbruksfondet og tilpasse renteutgiftene til noko stigande renteutgifter.

Les kommunedirektøren sitt framlegg til 1. tertialrapport 2026, med revidert budsjett

God økonomistyring

Tertialrapporten viser god økonomistyring. Avvika er mindre enn tidlegare. Samstundes viser rapporten at vi har utfordringar med å drive bustadforvaltninga i balanse og finne ressursmodell der vi kjem ned på eit nivå med samanliknbare kommunar. Vi må også jobbe vidare med ressursfordeling innan dei store tenestene og finne betre løysingar for oppgåver som gjeld enkeltvedtak. Særleg innan institusjon og grunnskule blir vi avhengig av dette for å handtere dei framtidige utfordringar.

Havbruksfondet

Handsaming av havbruksmeldinga i Stortinget gav ikkje avklaring på drifts- og rammevilkår for havbruksnæringa. Dette skaper usikkerheit om vilkåra for næringa. Usikkerheit kan meste truleg også kunne redusere kommunane sine inntekter. Vi kan truleg rekne med ei årleg produksjonsavgift, men bør ta ned inntekter frå auksjonar. Tertialrapporten legg opp til å justere for dette, og ein må då samstundes endre økonomiplan. Endring i havbruksfondet skapar ubalanse i økonomiplan.

Justering av rente

Vi gjekk inn i året med ei forventing om reduserte renter, i alle fall kunne ein tolke Norges Bank sitt siste rentemøte før 2025 tok slutt. Forventingane har no snudd. Prisstiginga skuldast til dels innanlandske forhold og varer frå utlandet blir dyrare. Situasjonen har gjort at korte renter i marknaden har trekt opp. Lange internasjonale renter viser også stigning. Vi må derfor sette av meir til renteutgifter i tertialrapporten og økonomiplan.

Gode inntekter på kraftressursar

I tertialrapporten har vi auka inntekter frå sal av konsesjonskraft og utbytte frå kraftsektoren. Ein del av meirinntektene held vi att til dekning av auka kostnader til energi i bygga våre. Vi har også inngått avtale om forvaltning av konsesjonskrafta med eksternt selskap. Inntekta er brutto auka frå 10 mill. kr. til 18 mill. kr. 

Reduserte kostnader til investering, god framdrift, god økonomiske planlegging

Gjennomføring og kostnader til investeringane kan gjennomførast innanfor planlagt framdrift og i samsvar med budsjett. Vi har teke ned investeringskostnadene til Skram skole og brannstasjonane. Økonomiplanavsetninga til Albertatunet er også tilstrekkeleg, men om vi får sterk auke i prisstiging fram mot ferdigstilling av bygget, kan investeringskostnaden auke. Kommunen har tildelt byggeoppdraget og prisen på neste byggetrinn ligg noko lågare enn budsjettert.  Vi må derfor følge med prisstiginga i tida framover.  

Det vanskelege ligg føre oss

Vi budsjetterer med stor auke i lånegjelda. Ved utgangen av 2025 hadde vi 3,4 mrd. i lånegjeld.  Det vedtekne investeringsprogrammet til 2028 krev innsparingstiltak for å dekke inn auka finanskostnader. I perioden fram til 2028 skal vi fullføre investeringar i Albertatunet, Skram skole, brannstasjon i Florø, rehabilitering av Florø barneskole og Gate 1 i Måløy. I perioden 2022 til 2028 kjem vi nesten til å doble rente- og avdragskostnadane. Dette utgjer kring 150 mill. kroner. I dei neste ti åra vil avløpsinvesteringane auke særskilt. Det vanskelege ligg føre oss.