Vi inviterer lag, organisasjonar og grendelag til høyringsmøte om samfunnsplanen

Velkommen til folkemøter om:

 

Korleis kan vi skape levande og samskapande lokalsamfunn? Vi vil at det skal vere godt å bu, besøke og drive næring i Kinn. Byane våre skal vere levande, med mangfald innan bustad, næring, service og møteplassar. Korleis skal vi saman få dette til?

 

Kvar er dei gode møteplassane? Del dine favorittplassar i lokalsamfunnet og fortel oss korleis vi saman kan gjere dei endå betre. Eller har du kanskje idear til å etablere nye møteplassar? Korleis er du med på å skape levande og samskapande lokalsamfunn? Bidra med idear til andre fellesskap, lokalsamfunn og naboskap i kommunen.

 

Korleis kan vi hjelpe kvarandre? Kva er du villig til å hjelpe andre med? Kva kan andre i ditt lokalsamfunn hjelpe deg med?

 

Andre veka i september inviterer vi til høyringsmøte om kommuneplanen sin samfunnsdel (samfunnsplanen). Her kan du som representerer eit frivillig lag, organisasjon eller grendelag melde deg på. Vi arrangerer møte i både Florø og Måløy.

I møtet legg vi opp til presentasjon av planen, og prosessen rundt. Vi håpar på aktiv deltaking og legg opp til gode prosessar i møtet. Alle er sjølvsagt velkomen til å kome med innspel via eiga løysing på heimesida vår.

 Tid og stad

  • Møte i Måløy: 9. september, formannskapssalen på rådhuset, kl. 18.00 - 20.30.
  • Møte i Florø: 11. september, Florø kulturhus (festsal), kl. 17.00 - 19.30.

 Klikk her for meir informasjon: Vi inviterer lag, organisasjonar og grendelag til høyringsmøte om samfunnsplanen - Kinn kommune NB Påmeldingsfrist 6.9. 

Dato
9. september 2024
Tid
18:00 - 20:30
Stad
Måløy - Formannskapssalen Rådhuset 3. etg.

Arrangør

Anita Solbakken

Kontakt

Anita Solbakken