Meir informasjon om ungdomsfiske 2025

Målet med ungdomsfiske er at ungdom skal kome seg på sjøen og få prøve seg som fiskarar. Dei som får tilbod om plass får rettleiing for å ordne det som trengs for å delta. Mellom anna får ein opplæring i korleis ein brukar app for å melde inn fangst på rett måte.

Ungdomane har eiga kvote, og løna er det dei får betalt for fangsten dei leverer. Løna vil variere frå dag til dag, og mellom båtane. Slik er det for ein ekte fiskar også 😊 I fjor tente ungdomane i snitt ca 3000 kr, men dette kan variere veldig. Ungdomane får sikkerheitsopplæring, informasjon og opplæring om råstoff og kvalitet, og innsyn i fleire andre område som gjeld fiskerinæringa si verdikjede. I tillegg skal båten og utstyret vedlikehaldast og klargjerast for neste fiske.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vil vi så snart som mogleg gå gjennom alle søknader og sende ut beskjed til dei som får tilbod om sommarjobb. Vi vil prioritere den yngste aldersgruppa. Alle som søkjer vil få ei tilbakemelding om dei får tilbod om sommarjobb eller ikkje. Bruk søknadsskjemaet som ligg *her når du søkjer. Deltakarane blir fordelt på dei aktuelle vekene, slik at det blir ei veke for kvar ungdomsfiskar.

Dersom det skjer noko uføresett som gjer at ein dag på fiske ikkje kan gjennomførast (t.d. vêrtilhøve, sjukdom hos skipper/rettleiar, motorproblem), vil ein vurdere å setje opp ekstradag i veke 28. 

Gå til søknadsskjema for ungdomsfiske 2025

Praktisk informasjon

Ungdomsfisket vil gå føre seg i vekene 26 og 27. I veke 26 vil ein anten ha litt lengre dagar eller bruke laurdagen, sidan mandagen blir brukt til sikkerheitsdag. I veke 27 er ein til sjøs mandag til fredag.

Fartøya som blir brukt er Sending i Florø og Sarato i Måløy. Vi har plass til 6 ungdomar i Florø og 8 ungdomar i Måløy. Desse vil reise ut i grupper på tre i Florø og fire i Måløy.

Viss du skal delta i Ungdomsfiske er det ein del formalitetar som må vere i orden. Dei som får sommarjobb får rettleiing slik at alle skjema og søknader til for eksempel Fiskeridirektoratet og fiskesalslaget blir sendt inn. Deltakarane må også laste ned ein app for levering av fangst. Dette blir informert om før opplæringsdagen.  

Oppmøte for fisket blir avtalt med skipper, og kan variere.

Det er viktig at ungdomsfiskarar og føresette følgjer med på e-post i vekene før fisket startar, sidan det blir sendt ut mykje viktig informasjon.

Utstyr: Deltakarane må stille med støvlar og matpakke/drikke. Innertøy etter vêret. Regntøy og hanskar får du utlevert.

Båten vil som hovudregel gå ut på fiske på morgonen, og kome inn att på ettermiddag/kveld. Deler av sommarjobben består i å vedlikehalde, reparere eller eigne fiskereiskapen.

Skipperen er sjefen om bord, og vil rettleie både når de skal fiske, og når de skal ta vare på og levere fangsten. Lytt til mannskapet sine erfaringar, og hugs alltid å ha fokus på sikkerheit om bord.

Ungdomane er forsikra under fisket gjennom kommunen si forsikring.

Ungdomsfiske er ei oppleving med mykje lærdom. Alle som deltek vil få ein attest for gjennomført opplæring og arbeid.

Det blir valt ut reservar i både Florø og Måløy, i tilfelle nokon må trekkje seg. Reservane får tilbod om å delta på sikkerheitsdagen, men skal ikkje delta på sjølve fisket utan at ein får beskjed om det.

Sjølv om ein ikkje får plass i Kinn kommune si ungdomsfiskeordning, kan ein delta i ungdomsfiske utanfor kommunal regi. Ein kan då bruke eigen båt, eller fiske frå land. Ungdomen må i så fall følgje reglane for ungdomsfiske, som ein finn her https://www.fiskeridir.no/Yrkesfiske/Registre-og-skjema/Skjema/ungdomsfiske/pamelding-ungdomsfiskeordninga

Lenke til pressemelding frå regjeringa:  https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-side/id3089923/

Har de spørsmål, kontakt Kristin Maurstad på tlf. 41234049 eller Anne-Stine Meland på tlf. 913 03 846. 

Samarbeidspartnarar

Kinn kommune og Måløy Vekst er glade for å ha så mange gode og solide samarbeidspartnarar og sponsorar med oss på prosjektet Ungdomsfiske 2025.

Sikkerheitssenteret i Måløy, Opplæringskontoret for fiskeri og havbruksfag (OKFH) og Vest-Norges Fiskesalslag arrangerer opplæringsdag i Måløy 23.06.2025. Informasjon om denne dagen blir sendt til deltakarane. Ungdom frå Florø får dekka båtbilletten tur/retur Måløy denne dagen.

I tillegg har vi fått sponsa utstyr, diesel og midlar til prosjektet frå ei rekkje bedrifter:

  • MHService
  • Jobbpartner Måløy
  • Fiskevegn
  • Kaibutikken
  • Havkar
  • Babord
  • Ocean Electronics
  • Domstein