Kinn kommune leiger inn båtar med skipper som vil rettleie ungdomane som er om bord. Det vil vere ein båt i Florø og ein båt i Måløy. Løna vil vere det du får for sal av fisken du fiskar. Målet med Ungdomsfiske er at fleire ungdomar får prøve seg på sjøen. Vi oppmodar om alle som er interessert om å søkje! Spesielt håper vi at fleire jenter søkjer i år. Jenter, sjekk ut denne sida: jenterombord.no.
Gå til søknadsskjema for ungdomsfiske 2025
Varigheit
Ei veke for kvar ungdomsfiskar.
Båtar og tidsperiodar
- Florø: Båten Sending i veke 26 og 27.
- Måløy: Båten Sarato i veke 26 og 27.
I veke 26 vil ein anten ha litt lengre dagar eller bruke laurdagen, sidan måndagen blir brukt til sikkerheitsdag. I veke 27 er ein til sjøs mandag til fredag. Oppmøtetid- og stad blir avtalt med skipper.
Dersom det skjer noko uføresett som gjer at ein dag på fiske ikkje kan gjennomførast (t.d. vêrtilhøve, sjukdom hos skipper/rettleiar, motorproblem), vil ein vurdere å setje opp ekstradag i veke 28.
Måndag 23. juni (før fisket i veke 26) blir det arrangert ein opplæringsdag i Måløy. Der får ein informasjon om opplegget, om sikkerheit, råvarer, innmelding av fangst, moglegheiter i yrket, og ein blir kjent med skipperen og dei andre ungdomsfiskarane.
I Ungdomsfiske 2025 får du mellom anna
- fiske med dei reiskapane båten er rigga med
- sikkerheitsopplæring på eigen opplæringsdag i Måløy 23.06.2025
- lære om råstoff, lottkalkulasjon og innmelding av fangst og utstyrsspesifikk opplæring
Vi søkjer deg som er
- arbeidsvillig og kan ta i eit tak
- nysgjerrig på fiskaryrket
- omgjengeleg
- sjølvstendig samtidig som du er lagspelar
For å kunne delta må du
- fylle 15 år i 2025 eller vere eldre, men ikkje ha fylt 25 år.
- kunne møte opp og ta deg heim frå avtalt oppmøtestad i Måløy eller Florø kvar dag. Fisket kan føregå både på føremiddag og ettermiddag, etter vêrforholda.
- følgje dei søknader/dokumentasjon som blir kravd, dersom du får sommarjobb.
Tilbodet gjeld ungdom som bur i Kinn kommune.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 16. mai 2025. Bruk det digitale søknadsskjemaet når du søkjer. Merk at søkjarar under 18 år må fylle ut informasjon om føresette. Før også gjerne på kva vekenummer det passar best for deg å fiske.
Gå til søknadsskjema for ungdomsfiske 2025
Les meir om ungdomsfiske 2025 her
Oppstart av prosjektet med atterhald om støtte frå Nærings- og fiskeridepartementet og støtte frå lokalt næringsliv.