Meir informasjon om ungdomsfiske 2024

Målet med ungdomsfiske er at ungdom skal kome seg på sjøen og få prøve seg som fiskarar. Dei som får tilbod om plass får rettleiing for å ordne det som trengs for å delta. Mellom anna får ein opplæring i korleis ein brukar app for å melde inn fangst på rett måte.

Ungdomane har eiga kvote, og løna er det dei får betalt for fangsten dei leverer. Løna vil variere frå dag til dag, og mellom båtane. Slik er det for ein ekte fiskar også. Ungdomane får sikkerheitsopplæring, informasjon og opplæring om råstoff og kvalitet, og innsyn i fleire andre område som gjeld fiskerinæringa si verdikjede.

Dette skjer ettersøknadsfristen

Etter at søknadsfristen har gått ut, vil vi så snart som mogleg gå gjennom alle søknader og sende ut beskjed til dei som får tilbod om sommarjobb. Vi vil prioritere den yngste aldersgruppa. Alle som søkjer vil få ei tilbakemelding om dei får tilbod om sommarjobb eller ikkje. Bruk søknadsskjemaet som ligg *her når du søkjer. (legg link til skjema). Deltakarane blir fordelt på dei aktuelle vekene, slik at det blir ei veke for kvar ungdomsfiskar.

Praktisk informasjon

Ungdomsfisket vil gå føre seg i vekene 27 og 28 i Florø, og 26 og 27 i Måløy. Fartøya som blir brukt er Sending i Florø og Lillian i Måløy. Vi har plass til 6 ungdomar frå Florø og 6 ungdomar frå Måløy. Desse vil reise ut tre og tre saman.

Viss du skal delta i Ungdomsfiske er det ein del formalitetar som må vere i orden. Dei som får sommarjobb får rettleiing slik at alle skjema og søknader til for eksempel Fiskeridirektoratet blir sendt inn.

Oppmøte for fisket blir avtalt med skipper. Båtane som er med er på om lag same størrelse, men er rigga med ulike reiskap.

Ungdomsfiske er ei oppleving med mykje lærdom. Alle som deltek vil få ein attest på gjennomført opplæring og arbeid.

Utstyr

Deltakarane må stille med støvlar og matpakke/drikke. Innertøy etter veret. Regntøy og hanskar får ein utlevert.

Båten vil gå ut på fiske på morgonen, og kome inn att på ettermiddag/kveld. Deler av sommarjobben består i å vedlikehalde, reparere eller eigne fiskereiskapen.

Skipper er sjef

Skipperen er sjefen om bord, og vil rettleie både når de skal fiske, og når de skal ta vare på og levere fangsten. Lytt til mannskapet sine erfaringar, og hugs alltid å ha fokus på sikkerheit om bord.

Du kan delta i ungdomsfiske, sjølv om du ikkje får plass hos oss

Sjølv om ein ikkje får plass i Kinn kommune si ungdomsfiskeordning, kan ein delta i ungdomsfiske utanfor kommunal regi. Dei kan bruke eigen båt, eller fiske frå land. Ungdommen må i så fall følgje reglane for ungdomsfiske, som ein finn hos Fiskeridirektoratet her.

Du kan lese ei pressemelding frå regjeringa om ungdomsfiske her.

Lurar du på noko meir?

Har du spørsmål kan du kontakte Kristin Maurstad på tlf. 41 23 40 49 eller Anne-Stine Meland på tlf. 91 30 38 46.

Samarbeidspartnarar

Kinn kommune og Måløy Vekst er glade for å ha så mange gode og solide samarbeidspartnarar og sponsorar med oss på prosjektet Ungdomsfiske 2024.

Sikkerheitssenteret i Måløy, Opplæringskontoret for fiskeri og havbruksfag (OKFH)og Vest-Norges Fiskesalslag arrangerer sikkerheitsdag i Måløy 24.06.2024. Informasjon om denne dagen blir sendt til deltakarane. Ungdom frå Florø får dekka båtbilletten tur/retur Måløy denne dagen.

I tillegg har vi fått sponsa utstyr, diesel og midlar til prosjektet frå ei rekkje bedrifter:

  • Nordfjord Havn
  • Måløy Havneservice
  • Jobbpartner Nor-Tekstil Måløy
  • Babord Catch
  • Ervik Havfiske
  • Vest-Norges Fiskesalslag
  • Sparebankstiftinga
  • Havkar
  • Domstein
  • Fiskevegn
  • Kaibutikken
  • Båtbygg
  • Ocean Electronics