Rutinar ved sjukefråvær

1 Rutinar ved fråvær

Kontakt næraste leiar snarast råd. Leiar kan vurdere tilrettelegging for å unngå sjukmelding. 

Ved fråvær: Ring til næraste leiar og meld frå. (Dersom ikkje kontakt– send sms slik at avdelingsleiar kan ringe tilbake.) Gje melding om kor lenge fråværet vil vare. 

Send digital eigenmelding snarast. Digital sjukmelding leverast så raskt som mogleg. Arbeidsgjevar pliktar å ta opp høve til tilrettelegging. Bruk mobiltelefonen til å nå NAV.no sine tenester, eller møt NAV.no på andre digitale plattformar som brett, pc. 

For å kunne behandle sjukmeldinga digitalt, må du ha BankID eller BankID på mobil.

Hjå legen 

Du må seie frå til legen om du jobbar fleire stader. Det må skrivast ei sjukmelding for kvar arbeidsplass (t.d: 1 for Florø barneskole, 1 for Florø barneskole SFO eller 1 for Florø omsorgssenter og ein for Krokane heimeteneste). Har du ein timelønsstilling - i tillegg til fastlønsstilling må ein og få sjukmelding for desse stillingane. Fyll ut skjemaet i faldaren her for dine arbeidsforhold og gi til legen din. 

Dersom sjukmeldinga gjeld behandlingsdagar, reisetilskot må du fortsatt be om sjukmelding på papir. ( sjukehus, spesialisthelsetenesta, kiropraktor m.v nyttar førebels berre papirsjukmelding)