Varsel
Når ein rapporterer brot på arbeidsmiljølova der ein ikkje sjølv er part. Dette kan vere noko ein har observert eller fått varsel om
1. Kven varslar ein til
|
Ein fylgjer tenesteveg
1. Næraste leiar 2. Leiar på høgare nivå, 3. Personalsjef
|
2. Korleis varsle
|
Munnleg varsel - arbeidsgjevar vil gjere eit skriftleg notat frå møtet der varselet er sett fram
Skriftleg varsel – i Compilo
|
3. Om varsel går til andre enn arbeidsgjevar
|
Den som mottek eit varsel skal melde varselet til næraste leiar som ikkje er involvert
|
4. Kan ein varsle anonymt?
|
Ja.
|
5. Tidsfristar
|
Den leiaren som mottek varselet skal så snart som råd melde tilbake til den som varslar om vidare saksgang. Tidsfrist for førebels svar er sett til 14 dagar. Saka skal handsamast så snart det let seg gjere ut i frå omstende.
|