Retningsliner for konflikthandtering, utilbørleg åtferd og trakassering

Rutine for handsaming av konflikt og mobbing

Inga handling
Om ein opplev å vere utsett for utilbørleg åtferd i arbeid og ikkje ynskjer å gjera noko med det, kan ein det.

Om det vert snakka om slike opplevingar og det ikkje kjem til handling, vil episodane gå som rykte og sladder, og den/dei som er motpart vil ikkje ha høve til å forklare seg (kontradiksjon). Det vil heller ikkje bli sett i verk tiltak for å oppklare og endra situasjonen.

Kinn kommune ynskjer at ein seier frå. Om ein vel å ikkje sei frå på eit tidspunkt, hindrar dette ikkje at ein kan ta opp saka seinare om ein ynskjer.

Uformell handsaming
Den som kjenner seg utsett for alvorleg personkonflikt eller mobbing, kan velje å søkja råd og prøva å løysa saka gjennom uformell handsaming. For å søke råd, kan ein til dømes gå til tillitsvalde, bedriftshelsetenesta eller arbeidstilsynet. Dei kan gje råd utan at dei har plikt til å melde saka vidare.

Leiarar, verneombod/hovudverneombod og alle tilsette som ikkje er tillitsvalde har imidlertid aktivitetsplikt, det vil sei at dei er pliktige til å handla dersom dei får kjennskap til forhold som kan vere i strid med arbeidsmiljølova.

Den som kjenner seg utsett kan og ta saka opp direkte med den det gjeld.

Formell handsaming
I den formelle sakshandsaminga har ein tre ulike former: søknad, klage eller varsel.