Retningsliner for konflikthandtering, utilbørleg åtferd og trakassering

Roller og ansvar

Leiarar
Næraste leiar har ansvar for konfliktar i eige ansvarsområde.
Leiarar skal ikkje handsame saker dei sjølve er part i.
Leiar har ansvar for at den interne retningslina vert følgt og at naudsynte undersøkingar og tiltak vert sett i verk.
Leiar har plikt til å undersøke, aktivitetsplikt og omsorgsplikt.
Leiar kan rådføre seg med sin leiar eller med personalsjef for å finna hensiktsmessig handsaming av saka.
Dersom faktaundersøking vert vald som metode er det personalsjefen som lagar mandat og styrer prosessen. Leiar konkluderer og tek avgjerd på bakgrunn av fakta i undersøkinga.

Tilsette
Tilsette har sjølv eit ansvar for arbeidsmiljøet, og kan ta opp arbeidsmiljøspørsmål og framlegg til forbetringar med leiar, verneombod eller tillitsvald.
Tilsette som er involvert i konflikt har plikt til å medverke, og skal bidra til å koma med fakta og skildra hendingar på førespurnad.
Tilsette pliktar å innordne seg sakleg til tiltak som arbeidsgjevar pålegg i kraft av styringsretten.
Tilsette har plikt til å varsle arbeidsgjevar dersom ein observerer trakassering eller diskriminering av andre på arbeidsstaden.

Hovudvernombod/verneombod
Er arbeidstakarane sin talsperson i arbeidsmiljøsaker.
Verneombodet skal sjå til at saker om konflikt og mobbing vert tatt opp med arbeidsgjevar(aktivitetsplikt).
Verneombodet skal takast med på råd ved planlegging og gjennomføring av tiltak som har betyding for arbeidsmiljøet.

Hovudtillitsvald/tillitsvalde
Skal ivareta medlemmane sin rett. 
Skal stille krav til arbeidsgjevar om hensiktsmessig handsaming av konflikt og bidra positivt i prosessen.
Skal gje medlemmene råd.

Bedrifthelsetenesta
Kan bistå arbeidsgjevar og tilsette med å observere arbeidsmiljøet og koma med framlegg til forbetring.
Kan bistå ved kartlegging av arbeidsmiljøet, både fysiske-, organisatoriske- og psykososialefaktorar.
Kan gje bistand ved mobbe- og trakasseringssaker og konfliktar.