Legge til rette for eit godt arbeidsmiljø
For å sikre eit godt arbeidsmiljø må leiaren legge til rette for å:
Arbeide systematisk med helse-, miljø- og tryggleik
Kartlegge det psykososiale arbeidsmiljøet med jamne mellomrom
Markere tydlege grenser for uakseptabel oppførsel i det daglege
Sikre seg kompetanse til å behandle vanskelege personalsamtalar på ein god måte.
Ha gode rutinar for informasjonsflyt, dette reduserer ryktespreiing og negative tolkingar.
Sikre seg kompetanse i konflikthandsaming og kunnskap om mobbing.
Overhalde teieplikta om personlege forhold hjå arbeidstakarane.
Ikkje ha praksis for å ta i mot anonyme klagar om mobbing.
Unngå negativ omtale av tilsette på alle nivå.
Ta opp problemet med den/dei det gjeld.
Halde diskusjonar på eit sakleg nivå.
Opparbeide gode samarbeidsrelasjonar mellom leiinga og dei tilsette sine representantar.
Arbeidstilsynet sine 10 gode råd til eit godt arbeidsmiljø:
- Hugs at ditt bidrag er viktig: Vær bevisst di eiga kraft til å påverke andre. Alle kan påverke eige arbeidsmiljø. Du har både ansvar og mogleik til å bidra positivt til ein god arbeidsdag for alle.
- Ta initiativ: Sei frå til leiaren din dersom det er noko i arbeidsmiljøet som ikkje er bra. Ta initiativ og foreslå forbetringar dersom du tykkjer det er behov for det.
- Bidra til god dialog: Snakk med leiar og kollegaer om det som er vanskeleg. Slik kan ein saman skape open og god dialog, med takhøgde for å ta opp problemer.
- Del kunnskap: Del kunnskap, informasjon, tips og råd med kollegaene dine.
- Ta deg tid: Ta deg tid til dei rundt deg i kvardagen. God sosial støtte fra kollegaer og leiar gjer oss i stand til å takle større utfordringair og er en viktig buffar mot stress, overbelasting og sjukdom.
- Bidra til ein god tilbakemeldingskultur: Gje konstruktive tilbakemeldingar – og ta imot tilbakemeldingar på ein konstruktiv måte. Alle kan bli betre og tilbakemeldingar gjev mogleik for læring og utvikling.
- Gi anerkjenning: Alle treng å bli sett og verdsett for å trivst på jobb. Lytt til andre og vis interesse for det kollegaene dine jobbar med. Gje kollegaene dine anerkjenning for den jobben dei gjer.
- Følg felles køyrereglar: Følg dei køyrereglane og rutinene det er einsemd om på på arbeidsstaden din.