Retningsliner for konflikthandtering, utilbørleg åtferd og trakassering

Klage

Påstand om brot på arbeidsmiljølova – for eigen del

1. Kven klagar ein til

Ein fylgjer tenesteveg

1. Næraste leiar 2. Leiar på høgare nivå, 3. Personalsjef

 

2. Korleis klagar ein

Munnleg klage - arbeidsgjevar vil gjera eit skriftleg notat frå møtet der klagen er sett fram

Skriftleg klage - på e-post, eller eige ark

3. Kva punkt bør klagen innehalde

  • Fullt namn
  • Arbeidsplass
  • Dato for klage
  • Kven det blir klaga på
  • Konkret kva saka gjeld

4. Tidsfristar

Den leiaren som mottek klagen skal så snart som råd melda tilbake til den som klagar om vidare saksgang. Tidsfrist for førebels svar er sett til 14 dagar. Saka skal handsamast så snart det let seg gjere ut i frå omstende.

5. Kan det klagast anonymt?

Nei, ein har ikkje krav på vere anonym. Det vil gjere det umogeleg å handsame saka vidare etter prinsippet om kontradiksjon. Kontradiksjon er partane sin rett til å få komme med sin versjon  av saka, og til å få imøtegå det motpartar eller andre har skrive / uttalt i saka.