Begrepsbruk
Konflikt
Ein kan sjå på konflikt som ein naturleg del av alt samarbeid. Det vil alltid liggja ein kime til konflikt når ulike menneske arbeider saman. Eit godt arbeidsmiljø betyr ikkje at det er fråvær av konflikt. Det er korleis konfliktane vert handsama som er viktig.
Dersom ei mellommenneskeleg konflikt utviklar seg i negativ retning og vert opplevd som eit arbeidsmiljøproblem av ein eller fleire av medarbeidarane, krev regelverket ein aktivitetsplikt for arbeidsgjevar.
Arbeidsmiljølova vernar ikkje arbeidstakarar mot konflikt, men mot å bli utsett for:
Uheldige psykiske eller fysiske belastingar som fylgje av konflikt (§4 – andre ledd andre punktum)
Krenking av integritet og verdigheit (§4 -3 første ledd)
Utilbørlig åtferd (§4-3 tredje ledd)
Trakassering (§4-3 tredje ledd)
Trakassering
Det er trakassering når ein eller fleire personar gjentekne gonger over tid vert utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar.
Trakassering omfattar omgrepet mobbing. Mobbing vert brukt i daglegtalen, men er ikkje eit omgrep i Arbeidsmiljølova.
Trakassering og mobbing kan utførast på mange måtar. Ofte er handlingane indirekte som til dømes utfrysing og sosial isolering eller å halde tilbake informasjon. Direkte handlingar kan være utskjelling, fleiping, truslar eller underkjenning av fagleg innsats og kvalifikasjonar.Mobbing kan òg skje i det skjulte gjennom t.d. baksnakking og ryktespreiing.
Vidare er det ein ubalanse i styrkeforholdet, slik at den som vert mobba har vanskeleg for å forsvara seg(Styrkeforhold handlar ikkje nødvendigvis om formell plassering i organisasjonen).
Mobbing er handlingar som ikkje kan seiast å vera påreknelege i eit arbeidsforhold. Når leiing vert utøvd sakleg og høveleg, må tilsette finna seg i det, og det er pårekneleg. Det ein ikkje skal finna seg i, og som ikkje er pårekneleg, er uheldige, krenkande eller utilbørleg åtferd frå leiarar, kollegaer eller andre.
Uheldig psykisk belasting
I vurdering av åtferd og hendingar skil ein mellom uheldige og påreknelege hendingar. Saker som arbeidsgjevar vurderer som uheldige og brot på arbeidsmiljølova skal fylgjast opp med tiltak/endring.
Tilfeller som vert vurdert som påreknelege kan bli opplevd ubehageleg, men er ikkje brot på arbeidsmiljølova og vil ikkje bli følgt opp med tiltak/endring
Utilbørlig åtferd
Dette er dekt av trakasseringsomgrepet, men viser òg til negative og upassande eller uheldige handlingar ut over det som vert dekt av omgrepet trakassering.
Kontradiksjon
Kontradiksjon er retten partane har til å komme med si framstilling av saka. Alle involverte i ei sak skal få uttala seg.
Konfidensialitet
Konfidensialitet er eit generelt prinsipp om at færrast mogeleg skal involverast i saka.