Retningsliner for handtering av vald og truslar på arbeidsplassen

Innleiing

Definisjonar: 
Vald og truslar på arbeidsplassen:
Hendingar der arbeidstakar blir trakassert, utskjelt, trua eller gått til åtak på i situasjonar som kan ha samband med deira arbeid, og som inneber ein openbar eller tilslørt trussel mot deira tryggleik, helse eller velvære.    

Trussel: 
Eit verbalt åtak eller handling som tar sikte på å skremme eller skade ein person. 

Vald: 
Fysisk eller psykisk skade på ein person. Vald er også skadeverk på innventar og bygning. 

 

Krisehandtering:

Kvar teneste bør utarbeide ei tryggleiksprosedyre som skal innehalde 3 aspekt: 

  1. førebygging, det vil seie tryggleikstiltak som ein gjer for å trygge dei tilsette mot truslar og vald
  2. ein plan for krisehandtering 
  3. rutinar for oppfølging etter den aktuelle krisesituasjonen 

Lover som er aktuelle: 
Arbeidsmiljølova § 4-3 krav til det psykososiale arbeidsmiljøet seier at arbeidstakar skal, så langt det er mogleg, beskyttast mot vald, truslar og uheldige belastingar som følgje av kontakt med andre.

Arbeidsmiljølova:

§ 4-1 Generelle krav

§ 4-6 tilrettelegging

§ 2-1 arbeidsgjevars pliktar

§ 2-3 arbeidstakars medvirkningsplikt

§ 6-2 verneombod sine oppgåver

§ 7-2 AMU oppgåver

§ 3-3 Bedriftshelseteneste

§ 3-1 krav til systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid  

Føremålet med retningslinene: 
Føremålet er at desse kan brukast når det gjeld handtering av vald og truslar. 

Retningslinene inneheld: 

  1. Førebygging – forslag til moment som ei verksemd bør vurdere 
  2. Plan for handtering og oppfølging av krisesituasjonar 
  3. Mindre skader og hendingar