3. Mindre skader og hendingar
En del skader er av ein slik art at det ikkje er aktuelt med legebehandling eller sjukmelding. Ein eller fleire slike skader/hendingar kan likevel medføre skader på kort eller lang sikt, kanskje særleg på det psykiske planet.
Det er difor viktig at også slike hendingar vert registrert og følgt opp.
Hendingsrapport – truslar og vald, vedlegg D (PDF, 47 kB)
Oppfølging av tilsette som i sitt arbeid er utsett for mindre hendingar/skader er viktig. Det er tenesteleiar sitt ansvar at også desse får oppfølging i form av samtalar og eventuelt vert vist vidare i systemet. Tenesteleiar bør utvikle eigne prosedyrar for førebygging og oppfølging på dette området. Det er spesielt viktig å vere merksam på tilsette som gjennom arbeidet sitt kan bli utsett for slike hendingar ofte og over lengre tid.