Utvalskriterier
Kompetanse
Kompetanse er det sentrale kriteriet ved utvelging av overtallege. Med kompetanse meiner vi både real og formalkompetanse. I nokre høve vil formalkompetanse være avgjerande for om ein arbeidstakar er kvalifisert jamfør lov- og forskrift. Ved vurdering av krav til kompetanse, er det minimumskompetanse for å kunne inneha stillinga som er avgjerande. Tilsette som tilfredsstiller lovbestemte kompetansekrav, går føre dei som ikkje tilfredsstiller slike krav.
Ansiennitet
«Ved innskrenkning/rasjonalisering skal, under ellers like vilkår, de med kortest tjeneste innenfor
vedkommende arbeidsområde innen kommunen/virksomheten sies opp først» jfr. Hovedtariffavtalen
3.3. Ved utvelging av overtalleg rangerer vi arbeidstakarane i prioritert rekkefølge:
1. Samanhengande tenestetid i Kinn kommune og tidligere Flora, Vågsøy.
2. Tenestetid ved den aktuelle eininga
Lov- og tariffbestemte permisjonar reknast med i samanhengande teneste. Permisjon utan lønn, for
å løyse overtal, bryt ikkje tilsettingsforholdet, men tel ikkje med i tenestetida i
kommunen.