Retningsliner for handtering av overtal

Sakshandsaming ved overtal

Hovudprinsipp for handsaming av saker om overtal

  1. Tillitsvalde for alle arbeidstakarar dette rører skal alltid være involvert
  2. Arbeidsgjevar skal legge til rette for ein open og trygg prosess
  3. Arbeidsgjevar skal legge til rette for at alle relevante omstende blir vurdert så tidleg som råd er i prosessen
  4. Det skal jamt informerast til aktuelle arbeidstakarar og tillitsvalde i heile prosessen
  5. Før nokon meldast overtalleg, skal det alltid vurderast om det er høve til omplassering i den lokale tenesta.
  6. Omfordeling av arbeidsoppgåver mellom dei tilsette skal skje innan råma for styringsretten til  arbeidsgjevar og omsyn takast til naudsynte kvalifikasjonar for å utføre arbeidsoppgåvene.

Dokumentasjon

  1. Innkalling til møter skal være skriftleg, seie kva som skal handsamast i møtet og sendast i rimeleg tid før møtet.
  2. Tilsette skal informerast om sin rett til å ha med tillitsvald eller ein annen person vedkomande har tillit til.
  3. Alle møter skal dokumenterast i eit skriftleg referat som inneheld hovudsynspunkt tatt opp i møtet.