Retningsliner for handtering av overtal

Rettane til overtallege

Rett til anna stilling
Retten overtallege har til anna passande arbeid, jf. Aml. §15-7 andre ledd, gjeld ledige stillingar vedkomande er kvalifisert for i Kinn kommune. Overtallege har rett til ledig stilling dersom dei har minimumskompetanse for stillinga. Dersom det ikkje finnes anna passande arbeid, kan den overtallege omplasserast til anna arbeid vedkomande er kvalifisert for. Overtal gjev ikkje rett til å bli vurdert eller omplassert til leiarstillingar.

Overtallege kan ikkje krevje å få ei bestemt stilling dersom det er fleire ledige stillingar. Dersom det er fleire kvalifiserte overtallege jf. kompetanse som sentralt kriterium, eller personer med fortrinnsrett til ledige stillingar, skal arbeidsgjevar søke å finne den beste løysinga for alle partar. Som hovudregel gjev ein  tilbod om omplassering til anna passande arbeid først til den av dei overtallege med lengst tenesteansiennitet, der dei overtallege elles står likt. Arbeidsgjevar har ikkje plikt til å opprette ei ny stilling for å løyse overtal.

Rett til å behalde løn
Arbeidstakar beheld løn ved omplassering/overgang til lavare løna stilling i samsvar med HTA Kapittel 1 § 3.4.1.

Omplassering - Tilbod om stilling
Før leiar av tenesta som har ledig stilling gjev den overtallege tilbod om omplassering, vert den overtallege innkalla til ei strukturert samtale.  Overtalleg som aksepterer tilbod om omplassering til fast eller midlertidig stilling i Kinn kommune, både innafor og utafor styringsretten til arbeidsgjevar, skal ikkje lengre reknast som overtalleg.
Overtallege som aksepterer tilbod om omplassering til ein midlertidig stilling ved ei anna eining, mister ikkje sin faste stilling i Kinn kommune. Når det midlertidige arbeidsforholdet opphøyrer, vert arbeidstakaren tilbakeført til si opprinnelege teneste. Dersom situasjonen med overtal ikkje er endra, vert vedkomande meldt overtalleg på nytt. Dersom den overtallege takker nei til tilbod om omplassering, vurderer arbeidsgjevar om det er grunnlag for oppseiing av arbeidsforholdet.

Andre tiltak

  1. Dersom det ikkje lykkast å finne anna arbeid, innafor eller utafor styringsretten til arbeidsgjevar, kan følgande tiltak vurderast:
     Kompetanseheving som Kinn kommune har behov for.
    Kompetansehevinga kan enten gjevast direkte til den overtallege eller til andre tilsette som får permisjon i samanheng med kompetanseheving, og på denne måten midlertidig løyse overtal.
  2. Uløna permisjon i inntil 3 år, sjå permisjonsreglementet.

Oppseiing
Dersom den overtallege, 3 månader etter innmelding til Personal om overtal, ikkje har fått anna arbeid, vurderer arbeidsgjevar om det er grunnlag for oppseiing.

Dersom arbeidstakar takker nei til tilbod om omplassering, vil arbeidsforholdet bli sagt opp.

Oppseiing skjer i samsvar med reglane i arbeidsmiljøloven og Kinn kommune sine retningsliner.

Fortrinnsrett til stilling
Ved oppseiing på grunn av overtal, har arbeidstakar fortrinnsrett til ny stilling vedkomande
er kvalifisert for i Kinn kommune i eitt år jfr. Arbeidsmiljølova Kapittel 14 § 14-2.