Retningsliner for handtering av overtal

Melding om overtal til personal

Dersom det er høve til å løyse overtal internt i eininga, skal tenesteleiar etter at  sakshandsaminga er gjennomført gje melding til Personal om overtal. Den overtallege må informerast om vedtak og kva rettar og plikter vedkomande har som overtalleg. Meldinga til Personal skal innehalde ei kort oppsummering av bakgrunn for overtal.

Følgjande dokument skal leggast ved:

  1. Sakspapir og vedtak frå tenesteleiing
  2. Referat frå drøftingsmøte(r) med tillitsvalde
  3. Referat frå møte(r) med arbeidstakar
  4. Utfylt kompetansekartleggingsskjema
    (CV på WebCruiter gjort tilgjengeleg for Personal)
  5. Anna relevant dokumentasjon i saka

Dersom det er avgjerande manglar ved dokumentasjonen, sakshandsaming eller dei vurderingar som er gjort, kan Personal returnere overtalssaka til tenesta for vidare handsaming. Tenesta som har meldt ein tilsett overtalleg har arbeidsgjevaransvaret heilt til den tilsette har fått anna arbeid eller arbeidsforholdet er avslutta.