Retningsliner for handtering av overtal

Føremål og verkeområde

Formålet med desse retningslinene er at Kinn kommune som arbeidsgjevar skal kunne handtere alle endringar i organisasjonen som fører med seg overtallege medarbeidarar på ein måte som tek i vare den einskilde tilsette, arbeidsmiljøet og kommunen sin trong for omorganisering.  Som arbeidsgjevar skal Kinn kommune handtere overtalprosessar gjennom samarbeid, og det skal leggast til rette for medverknad og medansvar. Retningslinene gjeld for alle tilsette i Kinn kommune. Retningslinene endrar ikkje arbeidstakar og arbeidsgjevar sine rettar og plikter i høve lov- og avtaleverk, men gir råmer for handtering av overtal. Leiarar på alle nivå, både på tenester som har overtallege og på tenester som skal ta imot overtallege, skal medverke til gode prosessar og løysingar. Dokumentet vil bli handsama i Kinn ADMU i september 2020.