Retningsliner for handtering av overtal

Avklaring av omgrep

Eining og teneste
I Kinn kommune nyttar vi omgrep som eining og teneste.
Heile Kinn kommune er arbeidsgjevar og ei eining i høve arbeidsmiljølova og HTA.
Omgrepet teneste nyttast om einskilde delar av Kinn kommune, for eksempel ein skule.

Overtalleg
Med overtalleg meinast ein arbeidstakar som innehar ei stilling eller oppgåve som fell bort grunna
bemanningsendring, omorganisering og/eller nedbemanning, og som ikkje kan omplasserast
innafor styringsretten til  arbeidsgjevar. Ein tilsett er overtalleg, med dei rettar det fører med seg, når vedkomande er meldt inn til Personal som overtalleg.

Ressursoversyn
Med ressursoversyn meinast Personal si liste over innmeldte overtallege som det førebels
ikkje er funne anna arbeid til. Den overtallege er knytt til tenesta som har meldt vedkomande inn inntil den overtallege har fått nytt arbeid i kommunen eller at arbeidsforholdet er
avslutta.

Nedbemanning
Med nedbemanning meinast reduksjon av tal tilsette ved den einskilde tenesta. Nedbemanning kan være ein konsekvens av politiske og/eller administrative vedtak. Det kan være endringar i  organisasjonsstruktur som f. eks. endring og reduksjon av opplæringstilbod, både midlertidig og varig, på grunn av krav om økonomisk innsparing eller endring av ansvars- og oppgåvefordeling i organisasjonen.

Omplassering
Med omplassering meinast endring av arbeidsoppgåver og/eller arbeidsstad både innafor og utafor styringsretten til arbeidsgjevar.

Utvalskrins
Partane i Kinn kommune er einige om at utvalskrins, utover det som går fram av Arbeidsmiljølova, må definerast. Ved samanslåing av tenester, eller delar av tenester, vil alle dei berørte tenester være i utvalskrinsen. Dersom fleire grupper av tilsette, definert etter arbeidsoppgåver eller kompetanse, ikkje omfattast av overtal, held vi desse utafor utvalskrinsen og melder ikkje overtal. Hovudtillitsvalde kan krevje drøfting av utvalskrins dersom det er særskilde grunnar til å endre utvalskrins. Arbeidsgjevar kan og på sjølvstendig grunnlag kalle inn hovudtillitsvalde til drøfting om endring av utvalskrins. Tilsette med ekstraordinære helsemessige eller sosiale forhold som gjer at overtal og mogeleg oppseiing blir særskild byrdefullt, kan etter ei konkret vurdering og holdast utafor utvalskrinsen. Før tenester konkluderer med at tilsette kan meldast som overtalleg, skal Personal  kontaktast.