Retningsliner for bruk og kjøp mobiltelefon

6. Mobilskatt

Kinn kommune vil innberette i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande regelverket for fordelsbeskatning av EK-utgifter (elektronisk kommunikasjon. Dei vart sist endra 1. januar 2014. Breiband og mobil er slått saman til éin EK-teneste med fast sats på kroner 4.400,- uansett kostnad for abonnement og bruk. Eventuell eigenbetaling hos den einskilde tilsett vil ikkje redusere sjablongbeløpet. Dette betyr at eit fast beløp på kroner 366,67 vil trekkast til fordelsbeskatning på lønsslippen kvar månad. Det blir inga avrekning i forhold til faktisk forbruk ved årsavslutninga.

Dersom den tilsette har ordning om at telefonen skal leggast igjen på arbeidsplassen ved tenestefritid, er bruk av mobiltelefon i teneste skattefritt.

Det er eit årleg fribeløp på kroner 1.000,- for innhaldstenester, altså kjøp av private varar og tenester med mobilen. Alt den tilsette kjøper av varar og tenester med mobilen under kroner 1.000,- vil vere fritatt for fordelsbeskatning. Ved årets slutt vil det gjennomførast ei avrekning, og alle beløp over kroner 1.000,- må innrapporterast i tillegg til sjablong.

Brukarrettleiing

Det er utarbeidd ein brukarrettleiing for bruk av mobiltelefon. Denne er tilgjengeleg i Compilo.