5. Mobil sikkerheit - gjeld for alle tilsette i Kinn kommune
- Det er ikkje tillatt å fjerne SIM PIN-kode
- Aktiver "skall-beskyttelse" / enhetslås. Dette for å unngå adgang til telefonen når den er slått på. Dette er obligatorisk for tilsette som synkroniserer Kinn kommune sin e-post med sine mobiltelefonar.
- Det er ikkje tillatt å opne eller vidaresende web-linker frå ukjend kjelde eller lenker tilgjengeleg i sosiale nettverk.
- Det er ikkje tillatt å laste ned og/eller vidaresende programmer eller dokument med mindre desse er klarert for virus eller kilden er klarert.
Følgande prosess skal nyttast dersom ein mobiltelfon er mista eller blir stolen:
- SIM-kort må sperrast straks
Ring Telenor kundeservice på 09000 (+47 915 09 000 frå utlandet) og rapporter SIM/mobil mista/stolen.
- Er mobilen stolen skal tjuveriet rapporterast til politiet og eventuelt til forsikringsselskapet https://www.politi.no/anmeldelse/tyveri-av- mobiltelefon.
- Den tilsette må dokumentere at punkta over er gjennomført.
Mobiltelefon i bil
Kinn kommune dekker kun kostnader med handfri installasjon i tenestebil.