Retningsliner for bruk av overtid og kompensasjon for reiser og arbeidstid utanom normal arbeidstid

2. Reisetid

§ 3.1 Dette gjeld ved ordinære reiser utanom normal arbeidstid og gjeld ikkje ved følgje av pasientent/klient/brukar/elev.

Kinn kommune følgjer statens reiseregulativ når det gjeld skyss og kostgodtgjersle.

Tenestereiser utanom arbeidstakar si normale arbeidstid vert kompensert med 100% frå første time. Det betyr at 2 timar reise gjev 2 timar kompensasjon. Som hovudregel skal vedkommande få fri eit tilsvarande antall timar ein anna arbeidsdag.

Eks: Ein arbeidstakar er på tenestereise som startar kl. 07.30 og varer til 18.00. Normal arbeidstid er 08.00-15.30. Dette er til saman 3 timar utover normal arbeidstid. Med omrekningsfaktor 1:1 gir dette 3 timar til avspasering.