Reglement for ferdsel i trafikken

Del 1 - Rettleiar for arbeidsrelatert ferdsel i trafikk

1. Mål

Det er eit mål at kommunal arbeidsrelatert ferdsel i trafikken skal ivareta dei tilsette sine individuelle føresetnader og behov, og at reisene gjerast ut frå omsyn til trafikktryggleik og med minst mogleg verknad på miljøet.

Definisjon: Med arbeidsrelatert ferdsel meiner vi all ferdsel i trafikken i arbeidstida. 

2. Rettleiar for arbeidsrelaterte ferdsel i Kinn kommune 

2.1 Kva tid gjeld rettleiaren? 

Rettleiaren gjeld tenestereiser i arbeidstida i kommunen, og femner om krav til reisemåte, køyrety og til rett åtfærd i trafikken; anten til fots, på sykkel eller motoriserte køyrety. Rettleiaren kjem i tillegg til tilhøve som er dekka av gjeldande lover, forskrifter og andre rammetilhøve. 

 2.2 Grunnlag 

Alle som arbeider og har verv i Kinn kommune skal ha kunnskap om og forstå kor viktig sikker, økonomisk og miljøtilpassa transport er. Tilsette, politikarar og andre med verv i Kinn kommune skal framstå som positive førebilete for andre i trafikken. Rettleiaren er bygd på omsorg, ansvar og tillit. 

 2.3 Ansvar 

Tilsette i Kinn kommune har ansvar for at tenestereiser skjer på ein sikker, økonomisk og miljøvenleg måte.  Alle tilsette i kommunen som køyrer bil over 3000 km i året, i teneste, skal få tilbod om å gjennomføre eit HMS Trafikk-kurs og eit førstehjelpskurs kvart tredje år. Leiinga syt føre at rettleiaren er godt kjend mellom dei tilsette og blir følgd opp. Klare brot på rettleiaren skal følgast opp av næraste leiar med personalansvar. 

2.4 Kinn kommunen: Rettleiar for tilsette for arbeidsrelatert ferdsel i trafikken 

  •  Du skal alltid bruke refleks i mørket. 
  • Det ventast av deg: Å ikkje krysse gata på rødt lys. 
  • Det ventast av deg: Å bruke sykkelhjelm. 
  • Førar skal være vaken, opplagd og skikka til å køyre på ein trygg måte. 
  • Førar skal køyre med rett fart, og aldri overstige fartsgrensa. 
  • Du skal alltid nytte påbudt og montert sikkerhetsutstyr i bil. 
  • Som busspassasjer (også flybussen) skal du alltid nytte bilbelte, når dette er montert. 
  • Det ventast av deg: Å ikkje ringe ut når du køyrer bil sjølv om du har handsfreeutstyr. Dette gjelder og all teksting. Innretting av navigasjon skal kun gå føre seg når bilen står stille. 
  • Du skal pakke og laste bilen på beste måte og sikre all last forsvarleg. 
  • Du skal rygge bilen inn ved parkering der det er høve til det. 
  • Føraren skal sjå til at alle passasjerar er rett sikra før avreise der tryggleiksutstyr er montert i køyretøyet. 
  • Hvis du som passasjer opplever høg risiko og at førar bryt trafikkreglane under køyring, skal du be førar om å køyre forsvarleg. 
  • Ved trafikkuhell skal førar fylle ut skademelding på åstaden og sikre bevis ved å ta mål frå hjørne på bil til faste punkt. Ta bilete og sikre spor, og straks ta kontakt med næraste leiar. 
  • Ved trafikkulykke skal førar sikre skadestaden, utføre livreddande førstehjelp,  kontakte naudetatene og næraste leiar. 

3. Kvalitetssikring 

Rettleiaren skal være tema på medarbeidersamtalar/personalmøte. HMS-rutinar evaluerast i samsvar med overordna HMS-plan for Kinn kommune. Rettleiaren skal presenterast for alle nytilsette.